Kultur | 01. nov. 2010

Fortsatt mogleg å delta

WT-Festivalen: Fristen for påmelding til filmkonkurransen barn går eigentleg ut i dag, men arrangørane opnar for etter-påmelding.

Fortsatt mogleg å delta
Andris Hamremandag 01. nov. 2010 12:41

WT-Festivalen startar laurdag 6. november og strekk seg heilt fram til den store finalen 13. november. Nytt av året er ein filmkonkurranse for barn og barnehagar.

Sauefilm
Kald Kaffi Sauen har vore på ferde igjen, og denne gongen har Pappa bestemt seg for å skaffa videobevis...

Med seg på laget har han fått WT-festivalen, og søkjer no hjelp frå alle barn for å få bukt med sauen, og det med ein skikkeleg sauete filmkonkurranse!

- Vi har allereie fått nokre bidrag, og fleire skal væra på veg, fortel Pappa i Vidar Bratlund-Mæland sin skikkelse.

Filmane vil bli vist på festivalen og alle som bidreg vil bli invitert til premierefest med sprudlevatn, små kjeks med ost på og raud løpar. Pappa håpar at dei skal kome opp i eit ti-tals bidrag til sauefilmkonkurransen.

Du treng ikkje eit toppmoderne videokamera for å laga filmen, sjølv ein mobiltelefon kan gjera nytta.

Framleis plass til fleire
Konkurransen er todelt – ein for barnehagar og ein open for alle. Barnehagane kan sjølv velje om dei vil melde seg på som avdeling eller som heile barnehagen. Den opne konkurransen har aldersgrense 11 år.

- Vi har framleis plass til fleire, men treng ei melding frå dei som vil delta. Filmen kan dei levera i løpet av veka, fortel Bratlund-Mæland.

LES MEIR OM KONKURRANSEN HER

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.