Lokal | 25. aug. 2009

Foto: 5. plass

Dette bildet hamna på 5. plass i fotokonkurransen. Éin innsendar stakk av med både 1, 2, 4, og 6. plass - med bilde av den same jenta!

Foto: 5. plass
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. aug. 2009 10:53

Bildeserie:

1 av 6

Med bildet over får Vibeke Olsen 5. plass i årets versjon av Midtsiden.no og Kolaas Foto sin sommarfotokonkurranse.

Frå 24. juni til 19. august fekk vi inn 135 bilde. Etter førstesortering sat vi igjen med 20 bilde, som jurymedlemmane Kjetil Vasby Bruarøy (underteikna), Geir Husa frå Kolaas Foto og Macbox-fotograf Erlend Haukeland gav poeng på.

I bildeserien under ser du bildet som kom på 7. plass, 6. plass og heilt opp til vinnarbildet.

Ho som tok vinnarbildet har også tatt bildet som kom på 2. plass, 4. plass og 6. plass.
Vi gratulerer Elise Fløde frå Rådal, og Lisell, som poserer på alle bilda, med førstepremien!

- Bildet har god komposisjon, stråa lagar fine linjer, lyset er bra og fargane stemningsfulle. Jenta på bildet skal også ha ros, for uttrykket og posituren er i stor grad med på å gjera bildet til noko spesielt, seier Erlend Haukeland.

- Det einaste eg har å utsetja på bildet er at det eine strået dekker delar av håret til jenta, men alt i alt er dette eit godt sommarbilde, og eit godt eksempel på at sommar kan vera meir enn sol og bading.

Haukeland, som no jobbar hos reklamebyrået Macbox AS, har mange år bak seg som fotograf for Se & Hør. Han har også vunne prisar med bilda sine, og heldt kurs for fotoentusiastar.

- Komposisjon, manuell fotografering og bruk av ttl-blits er det viktigaste vi går gjennom på slike kurs, fortel Haukeland.

Elitefoto Kolaas Foto i Os sentrum sponsar premiane:
1. premie: Fujifilm Finepix F60fd, verdi kr 2000,-
2. premie: T-skjorte med bilde på
3. premie: T-skjorte med bilde på
4. premie: Kopp med bilde på
5. premie: Kopp med bilde på

Vi takkar alle som har sendt bilde til konkurransen, og legg seinare ut ein serie med 20 andre bilde enn desse topp 7-bilda. For det var verkeleg mange fleire som er verdt å dela med Midtsiden-lesarane!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.