Lokal | 18. okt. 2019

Fotostudio på flyttefot

Opningsfest i helga: Etter fem år i Brugata har fotograf Silje Lepsøy flytta heim.

Fotostudio på flyttefot
I dag opnar Silje Lepsøy nytt fotostudio, heime på Strøno. (Foto: Studio Lepsøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 18. okt. 2019 10:52

Bildeserie:

No garasje og studio. (Foto: Studio Lepsøy)
No garasje og studio. (Foto: Studio Lepsøy)
Denne helga vert opninga markert med fest og underhaldning. (Foto: Studio Lepsøy)
Denne helga vert opninga markert med fest og underhaldning. (Foto: Studio Lepsøy)
1 av 2
No garasje og studio. (Foto: Studio Lepsøy)
Denne helga vert opninga markert med fest og underhaldning. (Foto: Studio Lepsøy)

Silje har med åra blitt ein populær og ettertrakta fotograf i Os.

Tallause gongar har ho blitt nemd i kommentarfelta på Facebook når nokon treng passfoto av ungane - og det helst kjapt. Ho har òg foreviga mange bryllaup og hendingar bygda i tillegg til å jobba i heimesjukepleien.

I 2014 etablerte ho seg i Os sentrum saman med Varde.

I dag opnar ho eit flunkande nytt fotostudio heime på Sveingard i Strøno.

Garasjen vart studio

Silje kan sjå attende på eit travelt år; ho har gifta seg med Marius og ho har blitt mor. I tillegg har ekteparet blitt huseigar.

Men der andre ferske huseigarfruer gjerne tyner mannen på oppussing av kjøkken og stove, har Silje sendt gubben rett i garasjen.

– Med huset kom det ein heller stor garasje, og her ville eg ha studio.

Med god hjelp frå ektemannen Marius, slekt og vener har dei bygd eit topp moderne fotostudio i garasjen. Silje får knapt skrytt nok av «Handymannen-Marius».

– Han har verkeleg gjort ein formidabel innsats i ombygginga. Garasjen hadde ein tiltenkt leiligheit som fungerte som kontor då vi tok over. Marius har rive alt ut, heva taket og sete alt saman att.

Silje fortel at ektemannen gjekk så inn i oppgava at han sleit med å feriera i sommar - han ville heller vera heima og bygga.

Ikkje stadsbunden

– I jobben som fotograf kan du ikkje vera stadsbunden. Det er nok mykje det same om eg har studioet her heime eller i Os sentrum.

– Men det er jo ekstra fint at eg no har alt eg treng i min eigen hagen, spesielt no når eg har blitt småbarnsmor, legg ho til.

Samstundes er mange av jobbane ute i felten, som til dømes i bryllaup.

To dagar med fest og song

Ikkje berre har Silje bursdag i dag, ho opnar det nye fotostudioet med ei markering over to dagar for alle som har lyst til å sjå det nye studioet.

– I dag vert det ei litt vaksen vinkling med boblar og underhaldning frå Eirik Søfteland, fortel Silje.

– I morgon held vi fram med brus og barneretta fokus. Då kjem Martine Frotveit Johnsen for å underhalda oss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.