Denne veka byrja Jørgen Larsson som kunstkoordinator ved Oseana. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Frå 50 til 150 prosent på kunst

Oseana held fram med å satsa på kunst - Jørgen Larsson er no tilsett som kollega til kurator Evelyn Holm.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Ferske tal fortel at Oseana Kunst & Kultursenter hadde 80.000 besøkande i 2018.

Fleire og fleire tek turen til dei ulike utstillingane i kulturhuset, seinast den populære utstillinga til Astrid Drageset.

Oseana styrkar staben for å halda fram med kunstsatsinga.

Kurator Evelyn Holm sitt engasjement er frå før auka frå 50 til 100 prosent. No er Jørgen Larsson tilsett som koordinator i 50 prosent stilling. Stillinga er finansiert gjennom støtte frå Grieg Foundation og Kulturdepartementet si gaveforsterkingsordning. 

Dette fortel direktør ved Oseana, Ole Tobias Lindeberg. 

– Vi har hatt ei jamn auke på kunstsatsinga, og det gler meg at vi no har kunna tilsetja Larsson i denne stillinga. Vi ser ein trend med at folk kjem attende fleire gongar for å sjå den same utstillinga, og vi ser òg at kunstnarsamtalane som Holm introduserte, har blitt populære. 

Lindeberg tykkjer òg det er stas at kulturhuset på Mobergsneset held fram med å vera ein attraktiv arbeidsplass i kultur-miljøet i Noreg. 

Les òg: Flytta frå Kristiansand til Bergen for å ta til i stillinga som arrangementsteknikar. 

Kunstutdanna pianist

Larsson er 46 år, bur i Bergen og er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen. Han er i tillegg utdanna pianist. Han står bak organisasjonar som Bergen senter for elektronisk kunst og Lydgalleriet.

Han har i si tid kryssa stiar med både Holm og Lindeberg. Blant anna har Larsson og Lindeberg vore på turné saman med BIT20 Ensemble, eit leiande samtidsmusikk-ensemble.  

– Eg har vore i Os fleire gongar før, men då som seglande sommarturist. Då har vi alltid lagt turen innom hamna i Os.

– Eg ser verkeleg fram til å jobba med Evelyn og Ole Tobias att, og eg har høyrt mykje godt om Oseana og miljøet der. 

Larsson fortel at han allereie kjende til Oseana før han søkte på jobben. 

– Det er eit fantastisk hus med ei fantastisk plassering, og med ei veldig bra kunstsamling.

– Då jobben dukka opp, måtte eg berre søkja. At stillinga var på 50 prosent var heilt ideelt for meg, då kan eg få halda fram med andre prosjekt eg har gåande. 

Fleire saker