Kultur | 10. aug. 2011

Frå Celine Dion til Oseana

Etter fem år i Las Vegas med Celine Dion har dansaren kome til Oseana og The End - A Gentle Reminder.

Frå Celine Dion til Oseana
Andris Hamreonsdag 10. aug. 2011 12:17

Historia startar på audition i Amsterdam for omlag ti år sidan. Den chilenske dansaren Alejandro Almairano hadde gjort seg ferdig med å studera klassisk ballett ved Englands nasjonale ballettskule og hatt eit år på vegen som klassisk dansar i mellomanna Israel, USA, Chile og Canada.

- Eg hadde bestemt meg at eg ville gje meg med klassisk ballett og utforska nye teknikkar då eg fekk høyre om ein audition i Amsterdam, fortel Almairano.

Eit års auditionturné

Auditionen blei ei helt anna oppleving enn det han hadde vore borti tidlegare.

- Eg visste ikkje kva det var eg gjorde auditon for.

- I løpet av den veka auditionen varte måtte vi gjera forskjellige improvisasjonar, skodespel og song i tillegg til innøvde dansar.

- Då veka var omme blei eg innkalla til intervju, fortel Almairano.

Etter intervjuet høyrde ikkje dansaren noko meir og han gløymde etterkvart auditionen og tok vegen til Madrid i Spania og etterkvart nasjonalballetten i Chile.

- Så plutseleg etter eitt års tid fekk eg ein e-post med melding om at eg var ein av dei utvalde danserane og at eg måtte kome til Belgia for øvingar.

Det viste seg at Franco Dragone, som mellomanna står bak Cirque de Soleil, hadde reist verda rundt i eitt år for å finne dei riktige danserane til Celine Dion sitt show i Las Vegas.

To blei fem

Det var først då han kom til Belgia Alejandro Almairano fekk høyre historia og at det var med Celine Dion han skulle dansa.

- Vi var i Belgia i seks månader for å trene og setje saman showet før vi flytta til Colosseum i Cæsar Palace i Las Vegas.

Showet var planlagt å vare i to år med opsjon på eit ekstra år.

- Kvar kveld fyllte vi dei 4200 plassane i salen og showet blei etterkvart utvida ikkje berre eitt, men i tre år, smilar Alejandro.

Utruleg jobb, men mistrivdes

Alejandro Almairano fortel at Las Vegas ikkje var noko for han.

- Det å få jobbe saman med Celine var ein utruleg jobb. Vi blei handsama på beste måte av hotellet og folka rundt, men likevel fann eg meg ikkje til rette i Las Vegas.

- Nevada var ein fin stat og når vi hadde pauser i showet "røymde" eg byen for å få påfyll, fortel han.

- Etterkvart bestemte eg meg for å gjera det eg elskar og å reise attende til Europa, men det skulle likevel ta tre år før eg var tilbake i Spania.

Almairano fortel at han blei bedt om å vera med i ei anna oppsetting Franco Dragone skulle ha i Las Vegas, så han blei der i to år til før han reiste til New York og Miami for å få faglege påfyll før returen til Europa.

Anbefalt av ven

Som freelancar i Spania fekk han raskt nye oppdrag då venen Daniel Projeto formidla kontakten med Vibeke Flesland Havre.

- Vibeke var på jakt etter ein mannleg dansar og dette prosjektet var veldig ulikt alt anna eg har gjort, forklarar Almairano om kvifor han no er på Os.

- Eg ville gjerne ha med dei beste i The End - A Gentle Reminder, og då Daniel foreslo Alejandro var eg ikkje i vil, fortel medaktør og regissør Vibeke Flesland Havre.

- Det at Daniel var i Barcelona var òg perfekt, for der fann Richard (Felix, skodespelar) og Nuria (Guiu Sagarra, dansar) seg også, fortel Havre.

Dei tre møttes og leigde seg eit dansestudio for å sjå om dei passa saman.

- Det var full match frå første dansesteg, fortel dei to samstemt.

- Då eg tok dei første stega med Nuria var det som noko magisk skjedde. Ho var så lett å danse med, smilar Alejandro.

Han hadde vore litt skeptisk til at ho skulle til Belgia i eit anna oppdrag, men etter det første møte var all tvil blåst vekk. Det måtte bli dei to.

Ei framsyning om livet

Almairano møtte dei andre deltakarane i framsyninga dei no skal opne haustprogrammet på Oseana og BiT med for berre to veker siden.

- Vi hadde ei morro, men tøff veke med mykje arbeid og kreativitet, fortel dansaren.

Framsyninga som handlar om livet blir nemleg til medan dei går.

- Ramma rundt er døden. Det er det eineste som er sikkert her i livet. Kva som skulle fyllast inni den ramma lot eg i stor grad deltakarane sjølv få vera med på å avgjera, supplerar Vibeke Flesland Havre.

- Eg vil at dei skal få bruka seg på det dei er best til, anten det er som danserar eller lysdesignarar, fortel ho.

- Det er utruleg lærrerikt å vera med på, samstundes er det ei viktig framsyning kor eg håpar vi kan minne publikum på alle dei små gleden i livet, forklarar og supplerar Almairano.

- Det er viktig å gle seg over dei små tinga i livet, ikkje berre bekymre seg over alt ein ikkje rekk eller skaffar seg, fortel han med eit smil.

Lokale krefter

Han er for tida den einaste av utøverane som held hus i Oseana med øvingar.

- I løpet av veka kjem òg dei andre skodespelarane og danserane, så då startar innspurten fram mot premiera 2. september, fortel Flesland Havre.

Med på laget har ho òg fått lokale krefter i tillegg til dei profesjonelle aktørane.

- Vi skal få med oss seks mann frå Os mannskor som skal vera med som eit kor, men òg som kommentatorar til handlinga i framsyninga gjennom ting dei gjer underveis, avsluttar Flesland Havre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.