Mona Bjørgo Skåtøy og mamma Toril er godt i gang med innreiinga av 2Villa i Os Næringspark. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Frå garasjesal på Drange til showroom på Os

Djup sorg leia til ny bransje for mor og dotter Skåtøy. No flyttar dei 2Villa-butikken til Os sentrum.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I august i fjor starta dei å selja frå garasjen heime på Drange, i april i år opna nettbutikken 2Villa.

– Den første tida selte vi mest til venar og kjente, og litt via sosiale media til andre frå Os og bergensområdet. Etter at vi opna nettbutikk sender vi varer over heile landet, vi har faktisk flest kundar på Austlandet og i Nord-Noreg, fortel Toril Bjørgo Skåtøy og dottera Mona.

Dei har spesialisert seg på møblar og interiørvarer, mange av dei frå Vietnam og India, nokre har dei òg agentur på.

Nytt lys - nye tankar

Mens Mona er helsefagarbeidar jobbar mamma Toril som intensivsjukepleiar. Det var då Toril var på besøk hos familie i Brønnøysund, og ein av dei ho besøkte fekk ei lykt i gåve, at den første spira til 2Villa blei sådd.

– Eg har hatt lyst å driva noko eige ei stund, å starta noko. Mannen min (Atle) driv eige byggmeisterfirma, og vi starta interiørbutikken i dette selskapet.

– Men det var ei anna årsak til at eg hadde byrja å vera open for andre bransjar, fortel Toril.

For litt over to år sidan mista ho og Atle sonen sin, Tomas gjekk brått bort, berre 25 år gamal.

– Saknet og sorga er framleis stor. Denne påkjenninga gjorde at det å jobba på intensiven blei endå litt tøffare. Då eg såg den fine lykta som blei gjeven i gåve, og samtidig gjekk med både desse tankane og ei lita gründerspire i magen, blei det ein ny kvardag. Eg har framleis same jobb, som eg trivst godt i, men går no litt ned i stilling, seier Toril.

Bygger butikk i Os Næringspark

Toril oppsøkte seljaren av lykta, som bur i Stjørdal, og fekk namnet det danske firmaet ho hadde handla av. Vidare tok ho kontakt både med denne leverandøren og andre.

– Garasjen blei fort smikkfull, og vi byrja å sjå etter eit lokale der vi både kunne ha lager, kontor og showroom.

Då Sprek & Blid ikkje ville fornya leigekontrakt for ekspress-senteret sitt fekk 2Villa overta lokalet ved sidan av biblioteket.

– Eg var ferdig med eit vikariat no i helga, så eg har no tid til å jobba fulltid, fortel Mona.

Arbeidet med innreiing går for fullt, måndag kom også skiltet på plass på ytterveggen.

– Eg kjem til å vera her seks dagar i veka. Det er i utgangspunktet eit showroom, men vi vil ha faste opningstider så det blir samtidig ein butikk.

I samarbeid med Instagram-venninne

Fredag om knappe to veker er det opning for venar, måndag 7. november blir den store opningsdagen.

Mona hadde med seg venninna Ann-Helen Undheim Waage i lokalet i går. Med «ahundheim» har ho over 12.000 følgjarar på Instagram.

Ann-Helen låner varer til insirerande bilde, 2Villa drar nytte av god PR hos den populære interiørbloggaren.

– Eg tar ofte varene med meg heim for fotografering. Det er ikkje lett å gje dei tilbake, mykje av det blir rett og slett ståande, seier Ann-Helen og ler.

Robust og handplukka

Familien Skåtøy importerer alt frå spisebord og sofaer til juletre i betong.

– Ein del robust og røft til både hus, hytte og naust. Betong er i skotet, bordet der borte er selt til ein arkitekt på Austlandet, fortel Mona i ein pause i byggearbeidet i går.

– Vi har òg byrja å ta inn ein serie med brukte og behandla varer frå India. Vi har agentur på nokre av varene og skal besøkja leverandøren i India i januar, fortel Toril og Mona.

Fleire saker