Sport | 23. juni 2012

Frå leiarjobb til leiarverv

Hans Parnefält (56) har selt aksjane sine og slutta i Vitaltour - og takka ja til å bli styreleiar i det største idrettslaget i Os.

Frå leiarjobb til leiarverv
– Vi har båt, men vi bruker den lite. Det blir stort sett til at vi sit i hagen og ser på livet, seier Hans, som no også har tid til litt hagearbeid på den fine eigedomen i Giljavegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. juni 2012 09:09

For tre veker sidan hadde han sin siste arbeidsdag I Vitaltour, for éi veke sidan blei han valt til ny formann i Os Turn sitt hovudstyre.

– Det var naturlegvis med blanda kjensler eg slutta i Vitaltour, selskapet som har vore som ein baby for meg, frå idé til etablert og vellukka bedrift.

– Men ein samarbeidspartnar som driv eit hotell på Kypros fekk meg inn på tanken på å bruka tida mi på ein annan måte, seier Hans Parnefält.

Vil ha meir tid med familien

Hotelldrivaren prata om den hektiske reiselivsbransjen, og korleis han følte at han ikkje fekk oppleva ungane sine medan dei var born. Han fekk heller venta til han blei bestefar.

– Det fekk meg til å tenkja på jobbsituasjonen min og på alderen min. I denne bransjen må du alltid vera på tå-hev, anten det er flystreik eller askesky på veg så har du som turoperatør ansvar for mange menneske.

– Som familifar har du også eit ansvar, og eg har ofte følt at uansett kvar eg var så burde eg vore ein annan stad. Eg har heldigvis ei fantastisk kone. Ho liker å vera heime med våre tre born og var heimeverande medan dei var små. No gler eg meg til at også eg skal få meir tid saman med dei.

Men Hans har ikkje planar om å pensjonera seg enno.

– Eg har truleg ti år igjen som yrkesaktiv. Skal eg prøva noko anna så var det nok på tide å hoppa av no. Vitaltour-skuta flyter godt og seglar stødig, eg føler det er trygt å forlata selskapet no.

Tar vare på ideen til Hans

– Det har vore svært inspirerande og lærerikt å få arbeida med Hans i desse åra, seier Inger Berit Bøyum.

Ho overtok som dagleg leiar i Vitaltour i fjor, etter å ha vore i leiarjobb i selskapet i eitt år.

– Han har stor kunnskap om mange reisemål, og særleg om Kypros, der han har budd i mange år. I tillegg har han solid kompetanse innan reiseliv generelt gjennom mange års virke innan faget, noko som både tilsette i Vitaltour og kundane våre har nytt godt av.

Inger Berit gjev Hans mykje av æra for at dei same kundane reiser med Vitaltour år etter år.

– Han har alltid vore særleg opptatt av å legga til rette for at alle skal kunna få reisa på tur, sjølv om ein gjerne har eit handikap eller er komen godt opp i åra. Med litt hjelp og ekstra tryggleik på reisemålet gjer Vitaltour dette mogeleg for svært mange som elles ikkje hadde våga seg til å reisa. Dette er Hans sine tankar, og nøkkelen til Vitaltour sin suksess. Engasjerte medarbeidarar i inn- og utland arbeider også hardt for å følgja opp dette.

– Det er sjølvsagt vemodig at Hans har valt å trekka seg tilbake etter alle desse åra, men han har gjeve oss eit solid grunnlag å arbeida vidare frå. Det skal vi ta vare på, og vi skal utvikla verksemda vidare – med fokus på høg kvalitet, produktutvikling og fornying.

Nordstrøm kjøpte aksjane

Vitaltour AS omsette for nesten 68 millionar kroner i 2010, 6 millionar meir enn i 2009 og nok til å få eit driftsoverskot på over 3 millionar kroner. Vitaltour var gasellebedrift i 2007 og 2008 og fyller 10 år i år.

Hans hadde 25 år bak seg i reiselivsbransjen då han stifta Vitaltour AS. Han fekk med seg ein tidlegare kollega, Göran Nordstrøm, både på eigarsida (50 prosent kvar) og i drifta, då han stifta selskapet.

No har Nordstrøm kjøpt Parnefält sine aksjar.

Visjonar for Os Turn

Parnefält hadde berre vore to veker utan jobb då han blei valt til ny formann i Os Turn. Han tar over vervet etter Håkon Johansen.

Os Turn har fem lag i laget; turn, friidrett, fotball, handball og amerikansk fotball. Hans blei i vår valt inn i fotballstyret som arrangementssjef, men trappar no opp som øvste leiar i idrettslaget.

– Eg er audmjuk ovanfor den gode innsatsen mange har gjort for Os Turn gjennom så mange år, og vil læra av flest mogleg av dei som har vore før meg, ikkje minst Tore Moberg, som har hatt same verv i 16 år, seier Hans.

– Og eg er innstilt på å vera ein engasjert leiar. Vi har mange flinke og flittige folk i styrene i klubben og mange oppgåver å løysa. Det mest akutte er å erstatta banemeister Arvid Hjelle, som dessverre gjekk bort no i mai.

Bane og anlegg har høg prioritet hos Hans, både dagens anlegg og planar om utviding.

– Det er så mange som legg ned mykje innsats som trenarar for ungdomane i laget. Då må dei koma til eit anlegg der ting er på stell.

– Kuventræ er eit anlegg som blir brukt som om det var kommunalt, men som er eigd av eit lag med svært begrensa tilskot. Det krev sitt og eg meiner vi må ha minst to tilsette året rundt for å driva Os Turn.

Heller inn enn ut?

Bygging av nytt klubbhus nærmare banane og samarbeid med andre idrettslag er også på gang.

– Eg var i møte med ordføraren denne veka, for å høyra kva ambisjonar Os kommune har for Os Turn. Eg trur vi kjem til å få nokre spennande år framover.

– Og når sommaren er over og eg skal byrja å sjå etter ny jobb blir det også ei spennande tid. Kanskje eg, etter så mange år med å senda turistar UT av Noreg, skal prøva å gjera det motsette, å jobba med å få turistar INN til Noreg, seier Hans Parnefält.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.