Meining | 24. juni 2025

Frå ord til handling

DEBATT: Eit vedtak som synleggjer kor vi må ha fokus.

Frå ord til handling
Lesarinnlegg
Lesarinnleggtysdag 24. juni 2025 15:01

Kommunestyret i Bjørnafjorden gjorde 19. juni eit viktig vedtak, eit vedtak som synleggjorde kor vi må ha fokus og styring når det gjeld strategisk bustadpolitikk for eldre.

Samandrag: Kommunen står overfor store demografiske endringar, med fleire eldre og behov for fleire tilrettelagde bustader. I budsjettvedtaket for 2025 vart det bedt om ein strategi for å stimulere til privat utbygging av eit breitt spekter av butilbod for eldre.

Denne saka presenterer ein strategisk bustadpolitikk med vekt på heildøgns omsorgsbustader (HDO), tilrettelegging for aldersvennlege leilegheiter og samarbeid med private aktørar.

Saka gjev òg ei oversikt over finansieringsmoglegheiter, aktuelle konsept og kriterium for val av utbyggingsområde.

To kommunalt eigde område vert føreslått som første steg i gjennomføringa: Eikelandsosen og Landboden.

Kommunedirektøren ber om fullmakt til å vidareføre arbeidet i tråd med dei prinsippa som vert skildra i saka.

Saksutgreiing/bakgrunn. I budsjettet for 2025 vart det gjort slikt vedtak:

«Bjørnafjorden kommunestyre ber administrasjonen utarbeide en strategi for å stimulere og legge til rette for privat utbygging av et større mangfald av butilbod for eldre. Kommunen må også knyta til seg private eigedomsaktørar som kan stå for utbygging av nye bustadkonsept for målgruppene.»

Vi må løysa dette i nyskapande modellar som mellom anna nyttar verkemidla i Husbanken optimalt. Samstundes har det vore eit utviklingsarbeid i gang med utgreiing og leiarsamlingar.

Samfunnet er i endring. Ein må som kommune bruka ressursane på ein heilt annan måte enn i dag. Det er økonomiske utfordringar ,og ikkje minst utfordringar når det gjeld å ha nok personale spesielt innan helse.

Mange eldre gjer allereie endringar i eige liv med tanke på alderdommen . Dei har selt huset sitt å flytta i ein funksjonell og sentrumsnær leilegheit. Men fleire burde gjort det same.

Difor ønskjer kommunen og bli med i planlegging av fleire leilegheiter nettopp for at tilboda for fleire kan bli innfridde.

Det vert vanskeleg å bu i den heimen ein alltid har budd i med tanke på å trenga hjelp frå kommunen når ein vert råka av sjukdom. Du har kanskje eit hus på fleire etasjar med trapper både innvendig og utvendig. Ikkje minst eit lite tenleg bad, der det vert vanskeleg å ta i mot hjelp når det knapt nok er plass til ein sjølv. Og vert ein avhengig av hjelpemidlar i tillegg blir det krevjande for både den som treng hjelp og ikkje minst for den som skal gje hjelp. Ein skal tross alt også ivareta dei som hjelper til å ha eit forsvarleg arbeidsmiljø.

I debatten i kommunestyret 19. juni var det fleire som ville heia på at ein også måtte tenkja leilegheiter for eldre i krinsane.

Det høyrest jo forlokkande ut, men er det fornuftig i eit samfunnsperspektiv? Ein har allereie nokre sånne leilegheiter, og folk bur og trivst der, la det være sagt. Men det er dei som fortsatt kanskje klarar seg heilt sjølve, og mange av dei er svært mobile.

Dei kjører bil enno. Men kva når ein ikkje kan det lengre, og ein fortsatt er avhengig at andre hjelper med innkjøp, transport til lege eller til anna servicetilbod?

Då sliter ein for å få kvardagen til å gå opp. Mange har heller ikkje pårørande som kan hjelpe til. Blir ein i tillegg avhengig av hjelp frå heimetenestene, som kjører mange mil frå før, i bil som skulle vore brukt til å hjelpe endå fleire, vert det dårleg bruk av ressursar.

Bjørnafjorden har gode helse- og omsorgstenester som blir lett tilgjengelege når ein bur sentralt og oversiktleg.

Kort veg til heimesjukepleie, lege og fysioterapi gir ein tryggheit som er uvurderleg for både den eldre sjølv og familien rundt. I tillegg skapar det ein kvardag der sjølvstende og verdigheit kan oppretthaldast i større grad.

Mange nye bekjentskaper dukkar også opp når ein flyttar til ei sentrumsnær leilighet. Samt at det er fleire aktivitetstilbod og møteplassar i gangavstand i eit sentrum enn ute i krinsane, noko som igjen kan gje ein høgare livskvalitet.

Bjørnafjorden kommune må, som andre kommunar, sko seg betre med tanke på bruk av ressursar.

Difor treng vi også innbyggjarane med på laget, sånn at ein også i framtida får den hjelpa ein treng når behovet er tilstades.

Laila Reiertsen
Bjørnafjorden FrP

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.