Bjørnar Alvsvåg Folgerø dreg snart til Kina med fisk i bagasjen - og Osøyro Kolonial på brystet. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Frå Os til Kina med kveite i bagasjen

Til dagen jobbar Bjørnar Alvsvåg Folgerø hos Osøyro Kolonial. Neste veke dreg han til Kina for å fremja matkultur frå Vestlandet.

image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Folgerø og Silja Døsen Moberg har tidlegare jobba saman på Solstrand Hotell & Bad, men i juni 2018 tok han til som kokk hos Moberg og nystarta Osøyro Kolonial.

No har Moberg oppfordra, og skubba på at Folgerø skal ut i verda og visa kunstane sine. 

Ung og framstormande

– Bjørnar er ein flink kokk som likar å utfordra seg sjølv - at han samtundes er glad i å prata, gjer at han kan bli eit flott tilskot til matkonferansen han skal delta på, fortel Moberg. Eg har ikkje skubba han ut døra, men eg har gjort mitt for å få han til å søkja på å få vera med.

Kreativitet og berekraft

Saman med Bergen og 18 andre byar, vart Macao medlem i UNESCO Creative City of Gastronomy- nettverket i 2017. Same året vart Macao «UNESCO Creative City of Gastronomy», eit medlemsskap Bergen fekk attende i 2015. På den gjeve lista finn ein òg byar som Burgos i Spania, Jeonji i Sør Korea og Burgos i Spania. Det var i denne samanhengen at Oseana og Os fekk besøk attende i september 2018.

Hovudmålet for dei «kreative gastronomi-byane» er å sikra at matkultur, gastronomifaget og berekraftig ressursbruk har ei viktig rolle i samfunnet.

Gravlaks med kveite og ørret

Med seg i bagasjen på reisa til Kina har Folgerø lokal kveite og ørret. 

– Programmet vert travelt under konferansen, blant anna skal eg halda ein demo. Her skal eg - med tolk - på 30 minutt presentera lokal, tradisjonsrik mat frå Vestlandet og Noreg. Eg har vald å by på grava kveite og ørret. Denne har eg med i bagasjen frå Noreg. Elles er programmet lagt opp slik at eg òg får tid til å gå rundt og sjå på konferansen. Det er òg lagt opp eit spanande program for oss som deltek som kokkar, med kokkeskule og restaurantbesøk som del av besøket. Alt dette skal eg sjølvsagt gjera med Osøyro Kolonial-logoen på brystet.

Folgerø fortel at det næraste han tidlegare har vore Kina, er ein China-Town, så om tida strekk til, skal han få med seg litt av byen og kulturen òg. 

– Macao var tidlegare under portugisisk styre fram til 1800-talet, og dette ser ein framleis fleire spor etter. Eg har fått høyra at Macao er Asia sitt svar på Las Vegas - det er lys overalt!

Noko med attende?

– Ser du for deg at du tek med deg nokre asiatiske tips og tradisjonar attende til Os og kolonialen?

– Nordmenn har med åra blitt flinke til å læra seg asiatisk mat, og eg tykkjer personleg at asiatisk mat er spanande. Skal eg nemna ein rett, så er den kimchi, Koreas nasjonalrett, ein favoritt hos meg. Du skal ikkje så vekk frå nye, asiatiske innslag her på i butikken, og ein kinesisk kokkekniv kjem eg i alle høve til å ha med i bagasjen heim.

Kokkefaget er spanande

Dagleg leiar ved Matarena, Alexandra Krage Angell fortel at Bjørnar er ein flott representant å ha med seg til Kina og Macao.

– Då søknaden om å få vera med gjekk ut, var det viktig for oss og Bergen kommune som «eig» medlemskapet, at vi ville ha med ein ung, framstormande kokk som kunne presentera Matbyen Bergen og vår matkultur for resten av verda. Frå arrangørane si side var det ønskje om å ha med ein kokk i aldersgruppa 20-40 år. Med Bjørnar med på reisa har vi gjennom ein nøye prossess funne ein flott representant for kokkefaget. 

Angell fortel at det er utfordrande å få nok søkjarar til kokkefaget, og denne moglegheiten for unge kokkar, er eitt av fleire grep for å snu trenden.

– Vi ønskjer å ha fokus på at kokkefaget er spanande, og at det kan by på moglegheiter som dette. Dette skal vera med å engasjera heile kokkemiljøet i- og kring Bergen.

I tillegg til Bjørnar og Angell, vert reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland med på den gastronomiske reisa til Kina.  

Fleire saker