Kondis | 26. juli 2021

Frå siger i Sigurdvikjo til OL-gull i Tokyo

Ridderen av råskap viste musklar i og rundt Ulvenvatnet som 16-åring.

Frå siger i Sigurdvikjo til OL-gull i Tokyo
Kristian Blummenfelt i mål i Os Triathlon. I 2010 (bildet) blei det 2. plass, i 2012 blei det siger i proffklassen. (Foto: Andris Hamre, Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. juli 2021 11:58

Sommar-OL i Tokyo er i gang, og Noreg har tatt sin første gullmedalje.

Kristan Blummenfelt (fødd 14. februar 1994 i Bergen) tok det som er Noregs første OL-medalje i triatlon etter ein lang og imponerande spurt.

Ridderen av råskap! skriv VG, kanskje verdas best trente idrettsmann, skriv BT.

Blummenfelt representerer Bergen Triathlon Club i Noreg og Sartrouville Triathlon i Frankrike

Som junior var 16-åringen tett på ti år eldre Gudmund Snilstveit frå Fusa i Os Triathlon.

Les ògTøff, tøffare, tøffast

Kristian Blummefelt leia etter svømminga, men på dei siste fem kilometarane med løping blei fusingen Gudmund Snilstveit for sterk og drog i land sigeren.

Sniltveit sette året etter ny norsk rekord på ironman i USA.

I 2012 vann han proffklassen, rett nok på hakket svakare tid enn Snilstvet i mosjonsklassen.

Symjetalentet Tom Andree Moberg Johansen før start. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògFørst på land

Gudmund Snilstvedt vann mosjonsklassen på tida 00.59,04, Kristian Blummefelt frå BTC vann proffklassen på tida 00.59,52.

Same år tok Blummefelt NM-gull i både triatlon og triatlon-sprint, dei to første av til no sju NM-gull.

Snilstveit (nr to frå høgre) og Blummenfelt (t.h.) etter Os Triathlon i 2010. (Foto: Andris Hamre, Midtsiden)
Snilstveit (nr to frå høgre) og Blummenfelt (t.h.) etter Os Triathlon i 2010. (Foto: Andris Hamre, Midtsiden)

– Han lagde vegen

BT sin kommentator fortel kvifor han reknar Blummenfelt som kanskje verdast best trente idrettsmann.

Etter å ha svømt 1500 meter, sykla 4 mil og løpt 8 kilometer sette han inn ein spesiell spurt.

– Bergensaren visste at han ikkje har verdas beste spurt. Derfor måtte han satsa på verdas beste langspurt. Han sprang som, som Askeladden sin hjelpar på veg til verdas ende, skriv Pamer.

– Han har dessutan gått i front og skapt eit treningsmiljø i verdenstoppen. Han har ikkje berre gått vegen til toppen, han lagde vegen.

Les heile kommentaren på BT.no

Blummenfelt har eit O2-opptak på 90, noko av det høgaste som er målt på ein idrettsutøvar nokosinne, og han avslutta triatlonet med ein 1.500 meter som på omtrent 3.45, ei tid som kunne gitt semifinale på 1500 meter under OL i Rio.

Os triathlon 2021 blir arrangert søndag 12. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.