Lokal | 22. juni 2009

Framleis norsk?

Fleire gjer som svenskane, feirar St. Hans nærmaste helg. Men det blir likevel fleire bål i Os i morgon.

Framleis norsk?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. juni 2009 10:04

Medan svenskane feira "midsommarafton" fredag 19. juni, ser det i år ut til at fredag 26. juni blir den store kvelden for mange nordmenn, skreiv VG.no i førre veke.

- Også i Os ser vi at det er ein del som feirar til andre tider, på Halhjem hadde dei eit fellesarrangement på laurdag som var. Det har dei hatt fleire år tidlegare òg, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Han trur også at det er ein del som kjem til å venta med feiringa til helga som kjem, sjølv om det er meldt bra vêr til tysdag 23. juni, som er datoen for St. Hans.

- Men dei fleste held seg framleis til 23. juni. Det blir bål blant anna i Hegglandsdalen og på Steinneset i morgon.

Lov å brenna - men send melding
Sjølv om det er bålforbod sommarhalvåret og tørt i vêret gjev Os brannvesen "generelt amnesti" for bålbrenning på St. Hans.

- Men vi er galde for meldingar om kvar det er planar om bål. Og vi ber sjølvsagt folk om å vera varsame, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Dei som brenn bål gjer dette på eige ansvar, og skal ha sløkkeutstyr klart. Skogen i Os går mange stadar nesten heilt ned til sjøen, og det er tørt i lyng og gras for tida.

- Ha slanger, sløkkeapparat eller bøtter med vatn klart. Er du i fjøra så tenn bålet så nær sjø som mogleg, og hugs å sløkka skikkeleg før du går, at du er sikker på at ikkje det ligg noko igjen og ulmar, seier Monsen.

Er du uheldig under grilling, og får brannskade, er det viktig at du er rask med å kjøla ned, er brannmannskapet sitt tips til osingane.

Kvifor feirer vi St. Hans?
Sankthansfeiringa er både ein folketradisjon og ein religiøs tradisjon, som feiring av sommarsolverv og som markering av døyparen Johannes sin fødsel.

St. hans er også kalla Jonsmesse, Jons vake og Jonsok.

Bålbrenninga er til minne om at beina til Johannes blei brent av dei som ikkje trudde.

Kjelde: VG.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.