Framleis plass
Jentefotballdagen er ikkje fullteikna, men har du ei jente som vil vera med bør du vera rask.
102 påmeldte i løpet av 19 minutt fekk Eirik André Hesthamar til å tru at jentefotballdagen skulle bli fulltegna tysdag kveld, men slik blei det ikkje.
– Eg var nok litt høg og mørk då eg sa det tysdag ettermiddag. Per klokka 15 onsdag er det 235 jenter påmeldt.
– Det betyr at det ikkje er fullt enno. Vi har plass til 250 jenter i alderen 6-10 år. I tillegg til dei 15 plassane som er ledige, så veit vi av erfaring at det gjerne er eindel dobbeltregistreringar, så eg vil tru at vi har plass til omlag 35 jenter til, seier Hesthamar.
Jentefotballdagen blir i år for første gong arrangert på Nore Neset som ein del av opningshelga til den nye kunstgrasbanen idrettslaget er i ferd med å byggja. Dagen byrjar klokka 12.30 laurdag 22. april og blir tradisjonen tru avslutta med jentediskotek i idrettshallen.