Lokal | 01. apr. 2015

Framleis spekkhoggarar i fjorden

VIDEO: Eit ektepar følgte spekkhoggarane frå Os hamn til Bjørnatrynet onsdag ettermiddag.

Framleis spekkhoggarar i fjorden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. apr. 2015 16:32

I dag, to veker etter at ein kameratgjeng fekk ein spekkhoggarflokk rundt og under båten ved Bjørnatrynet, er det observert spekkhoggarar i Bjørnafjorden igjen.

Les òg: – Dette redda dagen

Onsdag i 15.30-tida blei dei oppdaga mellom Raudholmane og Os hamn.

– Vi hadde vore på Os og handla og skulle ut igjen på hytta då vi såg dei. Så følgte vi flokken utover mot Bjørnatrynet, fortel Marie Melhagen.

Utanfor Vargavågen fekk ho filma flokken nokre sekund.

– Vi kjørte ein liten båt, så vi turde ikkje gå så nær. Men det kom ein båt ut frå Vargavågen og kjørte veldig nær. Han fekk sikkert endå finare bilde.

– Eg har høyrd at dei av og til er i fjorden, men hadde ikkje trudd at eg skulle få oppleva å sjå dei på så nært hald. Det sto også folk på land ved Varga, det må ha vore litt av ei oppleving for dei òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.