Lokal | 07. apr. 2010

Framleis stengt

Det er uvisst kor tid Søvikåsen, som blei stengt i mars, opnar igjen for trafikk.

Framleis stengt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. apr. 2010 12:04

I mars blei Søvikåsen stengt. Først grunna fare for ras, så etter at ein større stein ramla ut i vegen. Meldinga då var at vegen kom til å vera stengt til over påske.

- Det ligg fleire steinar oppe i lio, som anten kjem til å rasa av seg sjølv, eller som vi må fjerna før vi opnar vegen igjen, sa Arne Håkon Rød, leiar for seksjon for samferdsle i Os kommune.

Tungt terreng
I dag fortel Rød at det framleis er snø i området og at det derfor ikkje er bestemt tid for synfaring og innsats i det rasutsette området.

- Det ligg på skyggesida så det er snø i området enno. Dessutan er det tungt terreng å bevega seg i, så vi ventar nokre dagar til.

Om dei lause massane blir fjerna med handemakt eller dynamitt er også for tidleg å seia, men Søvikåsen kjem uansett til å vera stengt ei stund til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.