Lokal | 19. jan. 2019

Framleis varetekt for valdtekt i 2004

Politiet ba om fire nye veker for mannen som blei fengsla etter DNA-funn før jul.

Framleis varetekt for valdtekt i 2004
I dette området blei ei kvinne utsett for overfallsvaldtekt i 2004. DNA frå ein nyare sak har ført til at ein mann i slutten av 50-åra er sikta og fengsla. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. jan. 2019 08:27

DNA tatt av ein mann i slutten av 50-åra frå Os, i samband med ei sedelegsak i Bergen sør i oktober, førte til at mannen blei sikta for ei overfallsvaldtekt i Os i 2004.

Ei kvinne på rundt 20 år blei overfalt og valdteken nær overgangsfeltet over Byvegen, mellom Giskavollen og Holtbrekka.

Fredag 21. desember blei han varetektsfengsla i fire veker. Sikta anka, men anken blei forkasta av Gulating lagmannsrett 27. desember.

«Det vil være støtende om siktede slipper ut nå», meinte retten.

Forsvarar: – Saka frå 2018 burde vore henlagt

Sikta sin forsvarar kjempa mot varetektsfengsling i den over 14 år gamle saka.

Han sa at sedelegsaka frå oktober 2018 burde vore henlagt, han meiner det berre er taktiske årsaker til at denne ikkje er avslutta.

Retten meinte at om det skulle vera grunnlag for å reisa spørsmål ved delar av fornærma si forklaring, framstår ikkje saka som «åpenbar falsk anmeldelse». Retten kan heller ikkje sjå spor av at påtalemakta trenerer etterforskinga av omsyn til saka i 2004.

«Før en eventuell siktelse utformes, bidrar forholdet fra oktober til at det på fengslingstidspunket vil kunne skapes utrygghet i lokalmiljøet dersom siktede er på frifot» meiner retten.

Fekk fire nye veker

I går blei mannen framstilt for fengsling i fire nye veker. Han er sikta for overtredelser av straffeloven § 192 andre ledd bokstav a, jf. første ledd bokstav a.

Retten finner at sikta kan mistenkast for «et lovbrudd som kan medføre straff av fengsel i 10 år eller mer...», og at det foreligger «andre forhold som i særlig grad styrker mistanken».

Det er ingen nye opplysingar i saka som svekkar mistanken mot sikta etter fengslinga 21. desember, og det er heller ikkje fare for oversoning av straff.

Sikta blei varetektsfengsla i fire nye veker, fram til 15. februar klokka 15.00.

Sikta var ikkje sjølv i retten då kjenninga blei opplest, men er orientert om at dommen kan ankast til lagmannsretten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.