Næringsliv | 29. des. 2015

– Framtida blir spennande

Bortsett frå ei lita frimerkekrise før jul, har utvidinga til også å gjelda Post i Butikk gått veldig bra for Plantasjen.

– Framtida blir spennande
André Egebakken, dagleg leiar på Plantasjen Os, er godt nøgd med å ha fått Post i Butikk på hagesenteret. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtirsdag 29. des. 2015 12:52

Det er no tre månader sidan Plantasjen Os overtok for Meny med Post i Butikk, og ansvaret for posttenester i Os nord.

Dagleg leiar, André Egebakken, merker at dagane på hagesenteret er blitt mykje travlegare enn tidlegare.

– Etter at vi starta opp har vi fått ei auke på kundetransaksjonar på 30 %, og 20 % fleire kundar har vore innom butikken enn tidlegare.

Dei tilsette på Plantasjen har måtte førebudd seg på overgangen både med kursing og hospitering. Endringa i drifta har ikkje gjort at dei har måtte tilsetja fleire folk, men dei har gjort litt om på korleis dei arbeider.

– No har vi alltid to i kassen, mot ein tidlegare, ellers så har det ikkje vore store endringane.

Gjekk tom for frimerke

Juletida er ei tid med mykje postgang, både julekort og gåver skal sendast og Egebakken var spent på korleis det skulle gå.

– Det gjekk veldig fint, med unntak at vi gjekk tom for frimerke ein liten periode.

Det løyste seg med at dei fekk henta inn frimerker frå andre butikkar og han forsikrar om at all julepost blei sendt ut i rett tid.

– Det einaste kundane kanskje merka var at vi ikkje kunne selja ut pakningar med frimerker.

Egebakken fortel at fleire av post-kundane aldri har vore inne i hagesenteret før og at det å få Post i Butikk har vore veldig bra for bedriften.

– Dette er den beste jula vi har hatt nokon gong.

Eit meir heilårleg konsept

No er han spent på korleis det går vidare. Vintermånadane er dei roligaste for Plantasjen, men Egebakken fortel at dei er blitt eit mykje meir heilårleg konsept.

– Vi satsar meir på inneplanter om vinteren og er blitt meir relevant heile året. Det blir spennande å sjå om vi klarer å oppretthalda aktiviteten.

Noko det kan sjå ut som ikkje alle tenkjer over, er at Plantasjen er sundagsope, det gjelder også for post-delen.

– Vi har rundt 150 transaksjoner i posten kvar dag, men berre rundt 20 om sundagen. Måndag er det ofte kø, så eit tips kan vera å ta turen dagen før, avslutta han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.