Sport | 11. jan. 2012

Frikjøring med Fred

I 2008 sette han verdsrekord ved å hoppa ut frå ei 107 meter høg klippe. I helga var Fred Syversen på frikjøringskurs i Myrkdalen.

Frikjøring med Fred
Fred Syversen møtte opp på skimessa i Voss Fjellandsby i helga. Med seg hadde han eigen edition av WhiteDot. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. jan. 2012 22:53

– Det blei ei veldig bra helg. Overraskende mykje folk og veldig bra cruising, seier Fred Syversen etter ei helg på skimesse med MX Sport i Voss Fjellandsby.

Syversen var i Myrkdalen for å visa skia sine, WhiteDot Fred Syversen Edition. Og han hadde med fleire modellar for utlån til dei som ville testa.

Frikjøraren, som har vore proff sidan 1999, var også med på skikurs.

– Uvant situasjon

Messa består i stor grad av gratis skikurs i ulike kategoriar. Fred meldte seg naturlegvis på som "hjelpeinstruktør" på kurs i frikjøring for vidarekomne.

– Dei lærte nok ein del dei som var med, om generell teknikk i terreng.

– Kva tips delte du ut?

– Det var ein uvant situasjon for meg å vera i, for eg har til no berre stått saman med veldig gode folk. Men det blei nokre spørsmål frå deltakarane og eg svarte så godt eg kunne.

– Det er ingen fasit på korleis du skal stå, øving er viktigast. Men nokre konkrete tips blei det jo.

Rekordhoppet

Nokre spørsmål blei det også om den ekstremt luftige marsdagen i 2008. Fred var på filminnspeling i Alpene då han, noko ufrivillig, sette verdsrekord ved å droppa utfor ei 107 meter høg klippe.

– Eg skjønte at eg hadde kjørt feil og eg kunne ha stoppa. Eg forsto også at det kom til å bli eit høgt hopp då eg valte å setja utfor, men eg visste naturlegvis ikkje at det skulle vera så langt ned.

Fred konsenrerte seg om å gjera eit best mogleg hopp. I lufta, då han såg kor langt det var ned til laussnøen, la han seg på rygg for å få eit mjukast mogleg møte med bakken.

Landinga førte til skade på leveren og kollaps på den eine lunga. Ein månad seinare var han på ski igjen.

Sjå hoppet på YouTube

Fleire profilar - fleire merke

Finn, som kjører for WhiteDot og med klede frå Missing Link, fekk selskap av proffkjørarar som Dennis Risvoll og Oskar Pedersen, blant anna kjent frå filmen Broken Record.

– Eg synes det er veldig kjekt at fleire slike profilar kjem til Vestlandet og snøhola i Myrkdalen for å vera med på messe, seier butikksjef i MX Sport Os, Lars Petter Grønvigh.

– Også leverandørar har det blitt mange av, frå tre det første året til over 20 i år. Berre innan ski hadde vi 11 ulike merker demoski til utlån, og ikkje berre dei merka alle kjenner til frå før, men ein del for dei som jaktar på noko spesielt.

Les òg:

Over 5000 på messe
(Med bildeserie og videosnutt)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.