Friluftslivets år: Turlaget opnar Fantasiløypa
Fanfare og marsj til seks nye stoppestadar på Liafjellet.


«Friluftslivets år» blei første gong arrangert i 1993 av Norsk Friluftsliv (den gang FRIFO). Sidan har det blitt arrangert i 2005 og 2015 – og er tilbake i år.
Målet? Auka deltakinga i friluftsliv, fremja berekraft og helse, og løfta fram frivillig arbeid. Fokus skal vera på nær-natur, nye friluftsaktivitetar og brei deltaking.
«Friluftslivets år» startar med den nasjonale aktiviteten Hele Norge båler laurdag 18. januar.
Fleire organisasjonar gått saman om arrangement i Mobergsvikjo.
Same dag, omtrent på same tid, har Os Turlag Kom deg ut-dagen, som gir doble poeng i Bjørnafjordtrimmen, og opning av ny turløype på Liafjellet.
– Det blir snorklipping, fanfare, tale og avmarsj klokka 12. Turen tar rundt tre timar, fortel Jorunn Nytræ frå Os Turlag.
Arrangementet startar ved grinda over akebakken i Mobergslia og held fram oppe på Liafjellet, blant anna til Storevarde og Havretjørn.
– Fantasiløypa er ei rundløype med seks stopp. På kvart stopp er ein fantasifigur, benkar og postkassar.
Figurane er forma av Jonas Bratlund-Mæland. I postkassane ligg det eit eventyr, ein song og ei bok.
Det er gratis å delta. Turlaget ber folk ta omsyn om dei kjem med bil.
– Det blir parkering ulike stadar, blant anna ved politistasjonen på Moberg og i Solbakken, men vi kjem til å ha parkeringsvaktar ute som kan vegleia folk.