Kultur | 23. juni 2016

Frister med Markus og Martinus

Osfest treng framleis frivillige. Kvar som melder seg kan få tilgang på to billetter til den utselde Markus og Martinus-konserten.

Frister med Markus og Martinus
Tor Egil Hylland håper å rekruttera dei 70 frivillige han manglar i løpet av marknadsdagane på Osøyro (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. juni 2016 12:26

Allereie har Osfest fått med seg 270 frivillige til å skapa folkefesten på Osøyro 4.-6. august, men framleis treng dei fleire.

– Vi treng 350 frivillige, så per no så manglar vi 70. Dei håper eg vi klarar å rekruttere i løpet av marknadsdagane, kor vi kjem til å stå frå morgon til kveld kvar dag. Det er berre å stikka innom eller å registrera seg på heimesida vår, seier Tor Egil Hylland på stand torsdag førmiddag.

Frister med billetter

I ermet har Hylland ei ekstra gulrot.

– Vi har nokre ekstra billetter til den utselde Markus og Martinus-konserten laurdag 5. august. Desse har vi øyremerka til frivillige under Osfest. Kvar frivillig kan få kjøpa to billetter om dei jobbar for oss under årets festival, seier Hylland.

Dei frivillige kan bestilla billettane hos festivalleiinga og vil få dei utdelt når det nærmar seg festivalen.

– Billettane deler vi ut i samband med dei ulike samlingane vi skal ha i Kløvertun i forkant av festivalen. Der skal kvar av dei ulike gruppen samlast for å gå gjennom arbeidsoppgåvene og vaktlistene, forklarar Hylland.

På rett plass

Framleis treng Osfest frivillige på områda sikkerhet/vakt, mat og miljø.

– Spesielt på laurdagen treng vi folk i vakt/sikkerhet og ikkje minst i samband med Markus og Martinus-konserten.

– For oss handlar det både om å få nok frivillige, men òg å få folk i dei rette gruppen. Eit døme på det er at er du helsearbeidar så ønskjer vi å ha deg med i sikkerhet og vakt-gruppa. Eit anna døme er at er du mellom 16 og 18, så ønskjer vi å ha deg i miljøgruppa som har som oppgåve å rydda og halde ting på stell på festivalområdet.

Har lært mykje

Hylland fortel at dei aldri har hatt så god kontroll så tidleg som dei har no.

– Vi har aldri hatt så god oversikt som no. Noko har vi i allefall lært i løpet av dei åra vi har helde på. Det er ikkje som det første året då vi sto med ei grusbane og lurte på kva gjer vi no, avsluttar Hylland med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.