Lokal | 31. mai 2018

Frivillig stopp i salet av eingongsgrill

Daglegvarebransjen tar ansvar, brannsjefen jublar. Men kva form for grilling er lov i desse dagar?

Frivillig stopp i salet av eingongsgrill
Susanne Kaland hos Spar har tatt eingongsgrillane ut av hyllene grunna skogbrannfare. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. mai 2018 09:05

Bildeserie:

Rema har fjerna eingongsgrill og hengt opp varselplakatar. (Privat foto)
Rema har fjerna eingongsgrill og hengt opp varselplakatar. (Privat foto)
Brannsjef Stein Gjøsund jublar over initiativet. (Arkivfoto: KVB)
Brannsjef Stein Gjøsund jublar over initiativet. (Arkivfoto: KVB)
1 av 2
Rema har fjerna eingongsgrill og hengt opp varselplakatar. (Privat foto)
Brannsjef Stein Gjøsund jublar over initiativet. (Arkivfoto: KVB)

Etter ein lang periode med tørke og varme er det stor skogbrannfare og forbod mot bruk av open eld i fleire kommunar, blant anna Os.

Forbodet blei innført søndag 27. mai.

– Vi får fleire spørsmål frå folk som skal overnatta ute, blant anna om det er lov å bruka stormkjøkken heilt nede i ei fjøre eller på eit svaberg.

– Men all bruk av open eld i skog og mark, også om det er ytst på eit nes, er forbode, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Os følgjer Bergen kommune; det einaste som førebels er akseptert er grilling heime i eigen hage, men også her er det på eigen risiko, på god avstand frå vegetasjon og med ein plan for rask sløkking om noko skulle gå gale.

Fjernar eingongsgrill frå hyllene

I går fjerna Spar, på eige initiativ, eingongsgrill frå hyllene.

– Vi har selt 15-20 eingongsgrillar dei siste dagane, og det har ikkje vore med ein god smak i munnen. Det ser ut som om dei vaksne har fått med seg forbodet mot open eld, det er ungar og ungdom som har handla, fortel Peter Moesgård frå Spar på AMFI Os.

Han meldte frå om fjerninga av grill inn til kjeden, som i dag skal ha sendt tilsvarande oppfodring til andre butikkar.

Også COOP og Rema 1000 har fjerna eingongsgrillane.

– Vi har òg hengt opp fleire plakatar der vi informerer om forbodet mot open eld. Sidan det framleis er lov å grilla i eigen hage, har vi kull og tennveske ståande framme, seier kjøpmann Trond Hope.

Han legg til at han håper og trur at eingongsgrillar blir fjerna frå hyllene også resten av året.

– Det har vore mykje snakk om plast, men det er ikkje alle som er flinke å rydda grillane vekk heller. Det kan ikkje vera bra at det ligg mykje aluminium ute i naturen.

Får skryt av brannsjefen

Arbeid- og friluftslivgruppa «Livskvalitet» ved Vartun held friluftsområdene ryddig.

– I går fann dei sju eingongsgrillar i Ervikane. Det er ikkje eit bra teikn, seier Gjøsund.

Initiativet frå butikkane i Os set han stor pris på!

– Her viser daglegvarebransjen at dei tar eit utvida samfunnsansvar!

– Det er svært lite som skal til

Det har vore opphaldsvêr i cirka 5 av dei siste 6 vekene, førre regnbyge var himmelspretten 10. mai.

Etter dette kom varmen, som i går passerte 30 gradar.

– I desse dagar er det svært lite som skal til, ein sneip ut vindauget eller eit glasskor som ligg ugunstig til og får sol frå «rett» vinkel.

– Korleis er beredskapen når skogbrannfaren er så stor?

– Vi har same beredskap som vanleg, men terskelen for å slå full alarm er langt lågare. Normalt rykker vi ut berre med vaktlaget om det kjem melding om grasbrann, no skal det lite til for at vi slår full alarm og kallar ut alt mannskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.