Lokal | 18. feb. 2011

Frp har lista klar

- Vi har sikrar både kontinuitet og fornying, det skal bli spennande å gå til val med dette laget, seier Søviknes.

Frp har lista klar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. feb. 2011 14:13

Vallista til Os Frå blei vedtatt på nominasjonsmøte i går, torsdag 17. februar.

- Vi har, som vi prøver før kvart val, klart å sikra både god geografisk dekning og kontinuitet, ved å ha mange erfarne politikarar med vidare. Samstundes har vi fornya oss, noko som også er viktig, synes ordførar Terje Søviknes.

Søviknes toppar framleis lista saman med Gustav Bahus. Dei tre andre på dei fem øvste plassane, tidlegare kalla «førehandskumulerte», finn vi Marianne Hjelle, Espen Aspenes og Nina Borgen Halhjem.

Stortingsrepresentant Laila Reiertsen er plassert nedst på lista.

- Blant dei nye har vi fleire som er ferske i lokalpolitikken, men som likevel er veldig samfunnsengasjerte, seier Søviknes, og nemner eldsjela for kunstgrasbane i Øyane, Eirik André Hesthamar og tidlegare reklame-direktør Lasse Færøvik, som har hatt styreverv i fleire kommunale selskap, som eksempel.

Ved førre fylkesting- og kommunestyreval, i 2007, fekk Frp i Os 44,9 prosent av stemmene og auka frå 15 til 17 mandat i kommunestyret.

Her er vallista til Os Frp
(Namn, yrke, fødselsår og krins)

01. Terje Søviknes (Ordførar, 1969, Lysefjorden)
02. Gustav Bahus (Boreingeniør/adjunkt, 1958, Os)
03. Marianne N. Hjelle (Sjukepleiar, 1957, Os)
04. Espen Aspenes (Sjølvstendig næringsdrivande, 1965, Søre Neset)
05. Nina Borgen Halhjem (Barnehageassistent, 1964, Søre Neset)
06. Bjoarvik Oddgeir (Sjølvstendig næringsdrivande, 1955, Lysefjorden)
07. Veronica Haugland (Cand.mag, 1971, Søre Neset)
08. Jonn Garvik (Styrmann, 1988, Søre Øyane)
09. Anne Gro Haga (Rådgjevar, Søre Neset)
10. Karsten Austevoll (Sjølvstendig næringsdrivande, 1954, Søre Øyane)
11. Anne Marie Alvær (Butikkmedarbeidar, 1956, Søfteland)
12. Leiv Gunnar Heggland (Prosjektleiar, 1968, Hegglandsdalen)
13. Sonja Vernøy Hansen (Salsleiar, 1972, Søre Øyane)
14. Jostein Bøe (Salssjef konsern, 1954, Lysefjorden)
15. Lasse Færøvik (Direktør, 1944, Nore Neset)
16. Bente Karstad (1958, Os)
17. Rolf Kvåle (Lærar, 1963, Os)

18. Agnethe Øvreeide (Butikkmedarbeidar, Nore Neset)
19. Steinar Alfheim (Sjølvstendig næringsdrivande, 1955, Os)
20. Tom Ivan Kittelsen (1968, Os)
21. Svein Skoglund (Ingeniør, Strøno)
22. Anita Hjelle Lindvik (Butikkmedarbeidar, 1964, Lysefjorden)
23. Anders Bogevik Nebb (Kjøpmann, 1971, Hegglandsdalen)
24. Leif Ole Brekke (Elektrikar, 1954, Os)
25. Robert Kaastad (Maskinentreprenør, 1978, Strøno)
26. Barbro Hallem (Lærarstudent, 1968, Søre Neset)
27. Espen Engevik (Rørleggar, Lysefjorden)
28. Sveinung Dalland (Produksdjonsmedarbeidar, 1971, Os)
29. Ulvar Nybø (Sjåfør, 1971, Hegglandsdalen)
30. Harald Aasen (Pensjonert offshore-kranførar, 1942, Lysefjorden)
31. Karin Nystøl (Pensjonist, Os)
32. Oddleik Knudsen (Sjølvstendig næringsdrivande, 1961, Søfteland)
33. Frank Rune Jensen (Butikksjef, 1961, Lysefjorden)
34. Marit Næss (Butikkmedarbeidar, 1951, Os)
35. Tom Fagerthun (Sjølvstendig næringsdrivande, 1972, Os)
36. Richard Haugland (Finansrådgjevar, 1973, Søre Neset)
37. Ole Magnus Røttingen (Sjøkaptein, 1944, Søre Øyane)
38. Anette A. Bergstø (Barnehageassistent, 1982, Søfteland)
39. Eirik André Hesthamar (IT-leiar, 1979, Søre Øyane)
40. Torill M. Bergo (Barnehageassistent, Lysefjorden)
41. Laila Marie Reiertsen (Stortingsrepresentant, 1960, Os)

Blant dei frå Frp som i dag sit i kommunestyret er Elling Røttingen, Sølvi Bugge, Øystein Engevik og Stig Endre Nilsen ikkje på lista.

- Nokre av dei, som rørleggarane Østein Engevik og Stig Endre Nilsen, har valt å prioritera jobb, fortel ordføraren.

Engevik er likevel representert, ved sonen Espen Engevik på 27. plass.

Her er dei som i dag sit i kommunestyret for Frp:
Terje Søviknes, Gustav Bahus, Laila M. Reiertsen, Espen Aspenes, Marianne Hjelle, Jonn Garvik, Robert Kaastad, Øystein Engevik, Elling J. Røttingen, Stig Endre Nilsen, Sølvi Bugge, Sveinung Dalland, Nina B. Halhjem, Anne Marie Alvær, Veronica Haugland, Sonja Vernøy Hansen og Oddgeir Bjoarvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.