Lokal | 12. des. 2014

Frp og Høgre satsar på barn og unge

Lesarinnlegg, Eirik André Hesthamar (Frp): Gjennom samarbeid og målretta satsing skal vi betra læringsresultata i Os-skulane. Saman vil vi lukkast!

Frp og Høgre satsar på barn og unge
Eirik André Hesthamar (Frp) her saman med partikollega Nina Halhjem under ei befaring på Nore Neset ungdomsskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 12. des. 2014 07:30

Tolmod er ein dyd heiter det seg, og i det politiske landskap er det særs krevjande å jobba med eit prosjekt som ein ikkje kan hausta gevinst av i ein og same valperiode. Likevel har FrP og Høgre vald å satsa på eit slikt prosjekt innan barnehagane og skulane i Os. Eit langsiktig prosjekt for å betra læringsresultata i skulane i Os.

Prosjekt Betre Læringsresultat er eit prosjekt som vi det siste året har jobba målretta med å forankra på alle nivå i barnehagane og skulane i Os. Mellom anna har underteikna vore rundt og presentert prosjektet i fagfora og på planleggingsdag for lærarane, for å best mogelig kunna skapa felles forståing for våre mål og korleis vi skal nå dei. Det er avgjerande for å lukkast at vi saman dreg lasset, frå øvste politiske leiing, via skuleadministrasjonen, til dei særs dyktige tilsette i barnehagane og skulane.

Første fase av Prosjekt Betre Læringsresultat har for 2014 og 2015 satt eit tydelig fokus på tidlig innsats og god skulestart, med målretta tiltak for å sikra ein trygg og god overgang frå barnehage til skule. I 2014 løyvde eit politisk fleirtal 2 millionar kroner til fleire vaksne hender i alle 1.klassane i Os, eit tiltak som vert vidareført i 2015.

I 2015-budsjettet har FrP/H forøvrig prioriter å imøtekomma dei konkrete tiltaka som prosjektet har peika på. Vi har difor sett av pengar til å styrka arbeidet med læringsmiljøet i barnehage og skule. Dette gjer vi gjennom styrking av fagsenteret som no vert bygd opp, og knytt til PP-tenesta i kommunen. Dette fagsenteret skal jobba med tidleg innsats for å fanga opp dei barna som slit, og tilby både barna og foreldra målretta hjelp.

FrP og Høgre har også løyvd pengar til etableringa av eit nytt leseprosjekt som Os-skulane skal startar opp i 2015. Lesing er ein grunnleggande ferdigheit, og eit prioritert område for Prosjekt Betre Læringsresultat. Totalt vel vi å tilføra 1,5 millionar kroner til dei konkrete tiltaka i prosjektet.

Vidare tek FrP/H eit krafttak for IKT i skulane, og har difor sett av 1,5 million til modernisering av undervisningsutstyret med prosjektorar og elektroniske tavler i klasseromma, samt nye bærbare PC’ar på ungdomstrinnet.

FrP/H styrkar også barnehagesektoren med 2,7 mill kr i 2015, inkludert ei opprusting av utearealet ved Os barnehage. I tillegg satsar vi tungt på idrettsanlegg for å betra oppvekstvilkåra for barn og unge i Os. Friplassen på Søfteland, 7’ar-bane på Halhjem, utviding av idrettsanlegget i Lysefjorden og fullfinansiering av sentralidrettsanlegget på Kuventræ ligg inne i budsjettet.

Samla aukar FrP/H driftsbudsjettet til oppvekst- og kulturområdet med heile 7,4 mill kr i 2015. I tillegg kjem investeringsmidlane i nye idrettsanlegg. Samla representer dette ei solid satsing på barn og unge i Os. Dette er framtida vår.

I eit lesarinnlegg på Midtsiden den 10.desember ynskjer TVS, V, KrF og SP å framstilla at det er eit behov for ein ny giv i skulen i Os, men denne nye given er allereie på plass gjennom Prosjekt Betre Læringsresultat. Given og positiviteten kjem FrP/H til å oppretthalda i åra som kjem gjennom prioritering av dei konkrete tiltaka i prosjektet. Gjennom samarbeid og målretta satsing skal vi betra læringsresultata i Os-skulane. Saman vil vi lukkast!

Eirik André Hesthamar (FrP)
Leiar styringsgruppa – Prosjekt Betre Læringsresultat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.