Næringsliv | 30. mars 2015

Frukostmøte, seminar – og bluescruise

Styret i Os Næringsforum har hatt sitt første møte. – Vi har lagt skissene til programmet ut frå resultata av spørjeundersøkinga, seier styreleiar Bruarøy.

Frukostmøte, seminar – og bluescruise
Styret, f.v.: Kjetil Vasby Bruarøy, Kristian Borgen, Geir Bjørkeli, Inger Berit Bøyum, Anita Egge og Astrid Dale. Ikkje på møtet/bildet, Geir Arne Veglo. (Privat bilde, foto: Eyolf Doksæter)
Andris Hamremandag 30. mars 2015 10:10

Tysdag 17. mars blei det første interimstyret i nyetablerte Os Næringsforum presentert under Os kommune sitt frukostmøte med næringslivet i Os.

Ei veke seinare hadde interimstyret sitt første møte.

– Fekk gode svar

På frukostmøtet i Oseana blei det delt ut innmeldingsskjema og eit spørsjeskjema om kva næringslivsaktørane ser som viktige tema og gunstige møtetidspunkt for forumet.

– Vi fekk inn 30-40 medlemmar på strak arm. Når det blir lagt betre til rette for påmelding, med eigne heimesider, trur eg vi raskt kjem opp i 60-80 medlemmar, seier styreleiar Kjetil Vasby Bruarøy.

Over 60 av dei 130 gjestane på frukostmøtet svarte på spørjeskjemaet.

– Dette har gjeve oss eit godt utgangspunkt i planlegginga av medlemsmøta, både kor ofte dei bør vera, kor lenge dei bør vara og kva dei kan ha av innhald.

Med og utan tema

Resultata av undersøkinga fortel at medlemsmøta i Os Næringsforum gjerne kan vera utan tema. Det å skapa ein møteplass for sosialt samvær, noko som igjen kan danna grunnlag for samarbeid og handel mellom bedrifter i Os, blir verdsett høgast i testen (33 kryssa av for dette).

Men det er også mange som ønskjer gode foredrag, helst innan marknadsføring og kommunikasjon (31), men gjerne også med leiarskap og motivasjon (27) som tema. Dei som svarte på testen synest også at generell kompetanseheving (23) og det å vera eit høyringsorgan i næringspolitiske spørsmål (24) er viktig.

Tre møte og eit cruise

Styret fekk også svar på kor mange og kor lange medlemsmøte dei bør arrangera. 1-2 timar, eller ein halv dag, 2-4 gongar i året, eventuelt annakvar månad, skåra best.

– Så og seia alle vil ha møtene utanom helg, nokre fleire vil ha på dagtid enn kveld.

Os Næringsforum legg no opp til ein plan der dei fleste får det som dei vil.

– Alle datoane er ikkje sett, men det programmet skal spikrast ferdig i løpet av siste halvdel av april.

– Vi legg opp til eit formiddagsmøte med foredrag ein måndag i mai/juni, eit kveldsmøte i september og eit seminar med påfølgande middag og fest ein fredag nærmare jul.

Den einaste datoen som er sikker er torsdag 25. juni.

Då har styret bestilt MS Midthordland for cruise med livemusikk og servering.

– Band er ikkje bestilt, men dette blir ein rein sosial kveld for medlemmane i næringsforumet, ei helg der osingane har lange tradisjonar for å reisa på cruise med MS Midthordland. No har vi ikkje bluesfestival i Os lenger, men eg har tru på at det er mange som vil bruka denne kvelden under marknadsdagane til å få seg nokre timar på fjorden saman med andre som driv firma i Os, seier Kjetil Bruarøy.

Held prisane nede

På møtet blei det også ein gjennomgang av vedtektene, som skal innom assisterande rådmann Paul Manger før godkjenning. Manger blir sekretær for forumet første år, og skal også hjelpa til med den formelle registreringa i Brønnøysund.

Styret såg på priseksempel frå næringsforum på Sotra og Askøy, og enda på å kopiera prislista til Askøy, som går frå 1300 til 4100 kroner per firma, avhengig av talet på tilsette ved bedrifta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.