Frustrasjon og jubel i Lysefjorden
Lysekloster låg under 0-1 og 1-3, men hadde ingen plan om å gje frå seg posisjonen som serieleiar.
Lysekloster - Herd 4-3 (1-1)
Sjå lagoppstilling og fakta nedst i artikkelen.
Lysekloster held seg på toppen av tabellen etter siger også i sjette runde. Laget har no vunne fem av seks kampar, berre andre runde, som gjekk mot Brattvåg, har endt med tap (1-4).
Men i dag sat den langt inne. Gjestane tok leiinga i 35. minutt. Kristoffer Østervold utlikna i siste minutt før pause, men fire minutt ut i andre omgang gjekk Herd i føringa igjen. Herd auka til 1-3 i 63. minutt.
– Vi var ikkje heilt nøgd i starten, då vi ikkje klarte å følgja planen vår. Då dei gjekk opp i 1-3 var det mykje frustrasjon. At vi klarer å samla oss og snu kampen viser styrke, meiner matchvinnar Tommy Gaustad.
Trenar Ruben Hetlevik er einig.
– Første 70 minutt var årsverste for vår del. Vi gjorde rare ting då vi hadde ballen og vi var for seine i duellspelet vårt. Heldigvis avslutta vi med 25 minutt der vi imponerte!
Lysekloster reduserte på straffe ved Østervold i 72. minutt.
To avgjerande mål av Gaustad
Så var det innbytar Gaustad sin tur. Gaustad kom innpå for Håkon Kvittingen i 62. minutt og utlikna eit kvarter seinare etter innlegg av Sigve Rørvik.
Tre minutt før slutt skåra den tidlegare Åsane-spissen nok eit mål, etter pasning av Moldeklev, og Lysekloster kunne koma seg opp igjen på tabelltoppen som Sotra fekk låna frå i går til i dag.
– Eg spelte frå start i dei to første kampane i år, men har slite med ein hamstringsskade og ikkje kunna spelt heile kampar. Samtidig har Østervold gjort det veldig bra, så det har vore vanskeleg å ta plassen hans.
– Det var kjekt å skåra to viktige mål i dag, og veldig kjekt for laget med nok ein siger.
Då Gaustad sette inn 4-3 i 87. minutt storma trenar Ruben Hetlevik banen for å jubla saman med spelarane.
– Eg har aldri sett Ruben springa så fort før, seier Tommy og ler.
Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Durim Muqkurtaj, Tshizang'S-Kapinga Brazy (Sigve Rørstad 46.), Martin Pedersen (Ken-Joar Føyen 46.), Thorvald Modahl Trætteberg, Denis Ljubovic, Håkon Moldeklev, Joakim Helland, Vladan Radojkic, Håkon Fagerbakke Kvittingen (Tommy Gaustad 62.) og Kristoffer Østervold (Marius Hodne Sivertsen 89.).
Kort: Håkon Moldeklev (gult i 54. minutt). Tre Herd-spelarar fekk gult.
Fleire kampfakta på fotball.no.
Lysekloster speler neste kamp borte mot Aalesund 2 måndag om åtte dagar.
– Vi flyr opp på dagen, via Oslo. Det blir spennande å sjå korleis vi taklar denne inngangen til ein kamp, seier Hetlevik.