Frykta at gut blei utsett for ran
Politiet ønskjer tips etter observasjon måndag kveld.

Måndag klokka 19.42 fekk politiet melding om ein observasjon på busstoppet ved Meny Industrivegen (Tøsdalskiftet).
Ein bilist som køyrde retning Bergen fortalte om noko han syntest såg mistenkeleg ut.
– Ein gutegjeng på 5 til 8 gutar skal ha stått rundt ein yngre gut. Den yngre guten såg ut somom han leitte etter noko i lommene sine før han tok av seg heile jakken, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
– Meldar såg ikkje noko meir. Politiet er interesserte i opplysingar om kva som skjedde på staden og kven som var der.
– Vi oppmodar dei involverte og eventuelle vitne å kontakta oss, seier Lyssand.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.