Lokal | 13. juli 2018

Fryktar kaos på Halhjem

Politiet og brannvesenet vil følgje ekstra nøye med på "villparkering" på Halhjem i samband med Tysnesfest.

Fryktar kaos på Halhjem
Slik såg det ut på Halhjem for nokre år sidan under Tysnesfest (ill.foto: KVB)
Andris Hamrefredag 13. juli 2018 08:19

Fleire bebuarar i Halhjemsområdet fryktar kaos når Tysnesfest verkeleg brakar laus i ettermiddag.

– I fjor var det ganske kaotisk der ute med parkering over alt. Difor har dei kontakt oss slik at vi er oppmerksomme på problemet, seier konstituert politioverbetjent Sindre Lekven Hallem ved Os og Austevoll lensmannsdistrikt.

Kan bli taua

Merksame på problemet er politiet.

– Vi kjem til å følgje med. Når eg no er ferdig med å snakka med dykk i media kjem eg til å ta ein telefon til brannvesenet, slik at vi kan ha ein felles front.

– Det er nemleg dei som forvaltar dei kommunale vegane og kan begjære borttauing på desse. Vi kan gjera det om bilane står trafikkfarleg til på andre plassar.

– Oppmodinga må bli at folk parkerar det det er parkeringsplassar og heller tek offentleg transport til ferja, avsluttar Hallem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.