Full fres på Kuventræ
Bildeserie: Strålande innsats i strålande vêr når Os Friidrett arrangerer Friidrettens dag på Kuventræ laurdag.
Det vakre vårvêret la inga demper på innsatsen då Os Friidrett inviterte til Friidrettens dag for andre gang på Kuventræ. Finvêret gjorde nok at ikkje riktig så mange som i fjor, då heile 70 nye rekruttar testa ulike øvingar, fann vegen til idrettsparken.
– Då vi starta klokka 12 var det omlag 30 som hadde meldt seg på, fortel leiar i friidrettsgruppa, Bjørn Michelsen.
– Dette er eit lågterskeltibod, kor ungane skal få prøva ulike deler av friidretten. Dei ulike øvingane vi har i dag er 60 m, kule, høgde, lengde, hekk, spyd og liten ball.
– Sjølvsagt får alle som er med premie for innsatsen, smiler Michelsen.
Gjer klart til Ulvenvatnet Rundt
Samstundes som dei arrangerer friidrettens dag er friidrettsgruppa i gang med å gjera klart til historias første Ulvenvatnet Rundt.
– Der er det tre ulike løyper. Dei minste løper 600 meter her oppe på Kuventræ. Den mellomlange løypa går turvegen på Kuventræsida av Ulvenvatet og er på 1850 meter. Den lange løypa, som har start klokka 16, går rundt heile Ulvenvatnet via brannstasjonen og er på 6 650 meter.
– Det er framleis mogleg å etteranmelda seg i klubbhuset på Kuventræ fram til klokka 14.15, avsluttar Michelsen. Barneløpet starter klokka 15.