Sport | 10. feb. 2009

Full klaff på Voss

Olav Skogen vann Tertnesrennet i slalåm med god margin. No håpar han på å kvalifisera seg til NM igjen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. feb. 2009 09:20

Førre sesong blei det ein 2. plass, men elles ein del skadar for osingen Olav Skogen. Den unge alpinisten kjører for Samnanger Il si alpingruppe, og er i år blant dei eldste i klassen 14 til 15 år.

- I år har det gått betre, men det var først i dette sjette rennet at eg fekk førsteplass, seier Olav.

Tertnesrennet, det sjette av dei åtte teljande krinsrenna, blei arrangert i Bavallen i helga. I storslalåm blei det 12. plass på Olav, i slalåm vann han med god margin.

- Eg hamna 1.40 framfor nestemann etter førsterunde, og enda med å vinna 2.50 framfor Martin Helland Johannessen.

Skogen fortel at det harde føret i Bavallen passa han bra. I tillegg var han i form, og mindre nervøs enn vanleg.

- Eg plar vera veldig spent, men klarte å halda konsentrasjonen oppe, også etter ein god førsteomgang. I tillegg var det mykje sving, men alle slik at det gjekk an å kjøra på reint skjer.

Håpar på NM-form
Maks fem kjørarar frå Hordaland får stilla i kvar klasse i NM. Olav har kvalifisert seg fleire gongar før, men ikkje vore heldig med formen.

- Eg har ofte vore sjuk eller skadd under NM, og berre deltatt éin gong før. No er det to renn igjen, begge på Voss, og eg håpar på både kvalifisering og god form til NM, seier Olav Skogen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.