Fotball | 11. mai 2024

Full pott borte mot Årdal

Spennande start, men Os festa etterkvart grepet.

Full pott borte mot Årdal
Éin finger per skåring, f.v.: Fosen, 2x Kvalvågnes og Lund sørgja for siger i da. (Foto: privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 11. mai 2024 17:01

Os spelte i dag 6. serierunde. Etter tap for Fana framfor stort og livleg publikum heime førre helg, var dei i dag tilbake på vinnarsporet frå årets første fire kampar.

Men det tok litt tid.

– Vi møtte eit hardkjempa heimelag på gras, og kampen levde i grunnen fram til vi gjekk opp i 1-2. Derfrå og ut var vi klart best, synest Os-trenar Endre Brenne.

Os låg på 2. plass før dagens kamp, Årdal på 12. plass.

Årdal - Os 2-4 (1-1)

Daniel Kvalvågnes skåra 0-1-målet på straffe i 17. minutt, vertane utlikna i 19.

Niklas Lunde Fosen gav Os 1-2-leiing kvarteret ut i 2. omgang, Kvalvågnes auka til 1-3 før Årdal reduserte.

  • Jonathan Mjånes Lund, som er russ i år, og stort sett speler forsvar, har skåra ein del for Os 2 og gutar 19. Då han i dag la på til 2-4 på overtid, var det hans første skåring for A-laget.

Sandviken spelte i dag 1-1 mot Bjarg. Dei to ligg 1 og 2 poeng bak Os, som er tilbake på toppen av tabellen før Fana i morgon har spelt sjette runde mot Åsane 2.

Neste Os-kamp går heime mot Stord og tidlegare lagkamerat Roger Ekeland torsdag 16. mai.

– Blir det nytt fotballvorspiel på Ilya, sidan det er 16. mai?

– Det kan godt henda, men det er ikkje heilt bestemt. Folk får halda seg klare og følgja med på Facebook-sida vår, så legg vi ut informasjon, seier Brenne.

Tabell og terminliste på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.