Os fotball junior | 17. sep. 2021

Full pott til juniorlaget

Har starta serien med tre sigrar på rad.

Full pott til juniorlaget
Både Leif Simen Mjånes (t.v.) og Sverre Spangelo Haga skåra i andre serierunde, men var ikkje med G19 på onsdag. Her i sving for Os 2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. sep. 2021 06:33

Etter at Os 2 (senior) hadde ein god, men poengfattig kamp på graset til Voss tysdag, tok Os G19-1 sin tredje siger på rad borte mot Askøy onsdag.

Dei to er same treningsgruppe, leia av Stian Kvåle.

– Desse to laga har no hatt 3 kampar på 4 dagar, så eg prøvde å legga ein kabal som gjorde at ingen spelte meir enn to av desse. Det klarte eg nesten, Elias Sørås Hjelle spelte alle tre, fortel Kvåle.

Stian Kvåle er hovudtrenar for både Os 2 (senior) og førstelaget til Os G19. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stian Kvåle er hovudtrenar for både Os 2 (senior) og førstelaget til Os G19. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Borte mot Askøy var det mållaust til pause. Så gav Kristian Skjelvik Eidsnes Os leiinga før Askøy utlikna.

Lukas Derksen blei matchvinnar i 76. minutt.

– Lukas er ein av fleire flinke frå 2005-årgangen. Han var skadd i fjor, men er på veg tilbake og har spelt alle juniorkampane i haust i tillegg til at han er del av G16-troppen.

Askøy - Os 1-2 (0-0)
Målskårarar, Os: Kristian Skjelvik Eidsnes og Lukas Derksen
Os: Henrik Johannessen - Emil Haugland, Henrik Skromme Toft, Elias Sørås Hjelle, Jonathan Mjånes Lund - Scott Holger Nord Drange, Vetle Brunborg, Sebastian Plätzer - Aksel Lunde Fredriksen, Kristian Skjelvik Eidnes og Kaspar Klett Døsen.
Innbytarar: Michael David, Benjamin Johansen Engevik, Oliver Mathias Hope Rasmussen og Lukas Derksen

– Os og og Os G19-1 er ein fin gruppe med ungdomar. Juniorlaget består i stor grad av ungdom frå 2004- og 2005-årgangen, altså 16- og 17-åringar. Nokre av dei får god matching på tre ulike lag.

I kampen mot Askøy var keeper Henrik Johannessen einaste sisteårs junior.

Midtstoppar med hattrick

I førre kamp, då Os vann 8-3 heime over Minde, kom Thomas Felix Færøvik, som normalt er midtstoppar på Os 2, inn frå benken og blei plassert på topp.

Der skåra han hattrick.

Thomas Felix Færøvik, her som midtstoppar for Os tidlegare i haust. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Thomas Felix Færøvik, her som midtstoppar for Os tidlegare i haust. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os G19 ligg no likt med Sandviken med 9 poeng i toppen av tabellen etter tre serierundar.

Neste kamp går heime mot Baune, som har tatt 6 poeng på 5 kampar, tysdag klokka 18.15.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.