Fotball | 25. aug. 2021

NM-håpet ute for Os G16

Etter siger i to rundar blei det stortap for Brann.

NM-håpet ute for Os G16
Etter siger i to kvalifiseringskampar er cupeventyret ute for Os G16. (Foto: Nicholas F. Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. aug. 2021 05:42

Os gutar 16 har i sommar kjempa om plass i NM, og tok seg vidare i kretskvalifiseringa ved å slå Nymark 3-0 i juni og Bjarg på straffesparkkonkurranse i førre veke.

Etter andre kvalifiseringsrunde var det 6 av 20 lag i vår krets igjen, og Os spelte tredje runde borte mot Brann måndag.

Brann - Os 5-0 (3-0)

Brann gjekk opp i 4-0 på straffe. Straffen blei tatt av Henrik Johan Berge, som gjekk frå Os tilbake til Brann før 2020-sesongen.

– Vi møtte veldig god motstand, som venta, seier trenar Rune Mo.

Han meiner Os takla både det låge og høge presspelet godt dei første tjue minutta.

– Då skapte vi også sjansar. Men vi var noko stressa med ball i beina.

Os-spelarane fekk til saman tre gule kort, som betyr at det spelte 15 av 80 minutt med ein spelar mindre.

Mo hadde håpa at Os skulle bita litt meir frå seg, resultatmessig, og ser no fram til seriestart heimemot Stord fredag.

Andre resultat i 3. kvalikrunde til NM:
Nordhordland - Gneist 4-5
Fana - Nest-Sotra 6-3
Gneist og Fana skal møtast i 4. runde.
Åsane speler mot Stord søndag, Brann møter vinnar av desse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.