Næringsliv | 09. mars 2016

Full priskrig på snop

Osingane kjøper Sure Tær med store smil.

Full priskrig på snop
Kiwi og Rema er blant kjedane som no sel snop til nesten 80 prosent rabatt. Silje på Rema (øvst) og Hanne på Kiwi leiter etter sure favorittar i hyllene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. mars 2016 20:05

Er du blant dei som blir like grinete kvar haust når kakemennene kjem i hyllene lenge før du har kome i julestemning?

Vel, no kan du sutra over at påsken er i gang - ikkje berre med marsipan, men med priskrig i daglegvarebransjen.

No kostar det nemleg berre 29 kroner for ein heilt kilo med snop i lausvekt!

– Mamma fortalte om dei låge prisane i bilen, fortel Hanne (9), på jakt etter noko surt og godt i hyllene hos Kiwi.

Onsdag forsterkar sin posisjon som lille-laurdag denne veka.

– Vi var på Kuvenstasjon òg, der hadde folk forsynt seg noko valdsamt. Her var det litt betre utval, seier Silje (14), på handletur hos Rema i Idrettsvegen.

Selte 3 tonn på éin dag

– Det lågaste prisane på lausvektsnop var nede i i fjor var 4,90 kroner per hekto, rett før påske. Med 2,90 er det ny rekord, i god tid før påske, seier regionsjef i Kiwi, Jan Olav Mjøs.

– Det plar starta inn mot denne helga, men er gjerne to-tre dagar tidlegare enn i fjor, seier kjøpmann Trond Hope i Rema 1000 Kuvenstasjon.

Han fortel at prisane på snop gjekk ned til 6,90 og 5,90 før dei brått droppa direkte til 2,90. I tillegg køyrde han ein konkurranse der han gav vekk 10 kilo snop. Då tok det av.

– Vi har selt 3 tonn snop berre i dag, fortelt på Rema 1000 Idrettsvegen og Kuvenstasjon.

– Kva andre varer kan det bli priskrig på dei neste vekene?

– Det blir nok lågare prisar på andre typske påskevarer òg, som pølser, hotdogbrød og ketchup til påskegrillen, antar Mjøs.

– Det er allereie gått ned ein del på tørrvarer. Kanskje blir det krig på frukt og grønt òg, seier Hope.

Har lastebil på veg med påfyll

– Får vi like sprø prisar som det var før jul?

– Det gjenstår å sjå. Vi ønskjer å vera billigast, men den ambisjonen er det også andre som har, seier Mjøs.

– Vil prisane på snop gå opp før påske?

– Eg tviler, seier Hope.

Han trur heller ikkje at Rema vil gå tom.

– Vi har ein trailer på veg frå Candy King i Sverige. Eg håper han rekk fram før helga. Om nokon går tom så trur eg det blir konkurrentane først. Coop kasta jo ut Candy King og bruker, som Norgesgruppen, Nidar, som no må levera til to store kjedar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.