Lokal | 22. mai 2014

Funn av båt og snoking i postkassar

Saknar du ein liten grå båt – eller noko post?

Funn av båt og snoking i postkassar
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. mai 2014 08:34

Eigar av ein grå plastbåt på rundt 10-12 fot, med ein liten motor, som blei funnen på rek i Hauglandssjøen i vinter, har kort tid på å melda seg.

– Vedkomande som fann båten har hatt den liggande til no, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

– Men om ingen melder seg innan kort tid vil den bli levert til hittegods, eventuelt kasta eller gitt vekk.

Fann stolen post

Ein Midtsiden-lesar fortel i ein epost til redaksjonen at han har funne fleire brev slengt i Kuhnlevegen.

– Nokre av breva er opna, andre er uopna. Dei er tatt frå Sollia og eg har prøvd å få kontakt med eigar av posten, fortel innsendar.

Vedkomande mistenker at nokon har stole posten, for så å kasta det som ikkje var interessant.

– Folk bør låsa postkassen sin om dette med tjuveri frå postkassar blir eit problem i Os, seier Fimreite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.