Kultur | 20. juni 2015

Furulunden gjorde reint øl-bord

Furulunden ølbryggarlag tok storeslem under Oseana ølfestival. Tok både gull og sølv.

Furulunden gjorde reint øl-bord
Terje Vike frå Furulunden ølbryggarlaug tok både første og andre plass i bryggarkonkurransa under Oseana ølfestival (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 20. juni 2015 17:18

Bildeserie:

Gaute Lia tok tredje plass i bryggekonkurransen (foto: Andris Hamre)
Gaute Lia tok tredje plass i bryggekonkurransen (foto: Andris Hamre)
Mange vitja festivalen (foto: Andris Hamre)
Mange vitja festivalen (foto: Andris Hamre)
I sola på terrasen kunne ein kose seg med godt i glaset (foto: Andris Hamre)
I sola på terrasen kunne ein kose seg med godt i glaset (foto: Andris Hamre)
Interessen var stor blant dei som vitja festivalen (foto: Andris Hamre)
Interessen var stor blant dei som vitja festivalen (foto: Andris Hamre)
Lysekoret underheldt med passande songer (foto: Andris Hamre)
Lysekoret underheldt med passande songer (foto: Andris Hamre)
1 av 5

Tidenes første ølfestival i Oseana gjekk laurdag av stabelen. I strålande sommarvêr la ein stad mellom 500 og 600 osingar og andre turen til Oseana for å la strupen meskas med småtøser, tjuaguter, tippetuer og Natabjødnar.

Størst spenning var det knytt til heimebryggarkonkurransa som arrangørane lyste ut i forkant.

– Vi fekk inn 36 bidrag og veldig mange har vore dyktige på å servera juryen eit klart øl. Dei 36 bidraga blei til seks som kom til finalen, fortalde juryformann Tarjei Skeie.

I finalen, kor juryeringa gjekk føre seg i 7 Fjell sine lokaler, skulle dei tre jurymedlemmane Gahr Smith-Gahrsen, Stehpan William Hansen og Tarjei Skeie vurdera aroma, utsjåande og ikkje minst smak.

– Tre av dei seks finalistane er uplassert, eller dei kom på 4. plass som dei sjølv kjem til å seie i ettertida.

Finalistane: Krokeide Håndbryggar, Ølve Bryggerhus og Tore Henning Langøen. På tredjeplass kom Gaute Lia med ein pale Ale med Aprikos. Eit øl med god fruktigheit og som passar godt i shorts, fortalde Skeie.

– Du må vente litt

På andreplass introduserte Skeie Furulunden Ølbryggarlaug med ein Belgisk Vest.

– Det var ein fruktig og fin With. Men du må ikkje gå ned att, helsa Skeie til Terje Vike som tok i mot premien på vegne av lauget.

– Vinnaren er nemleg Furulunden Ølbryggarlaug med ein mexikansk lager som har alle dei kvalitetane ein ventar. Rett og slett ein klar vinnar, fortalde Skeie.

61 forskjellige øl

Dei 10 mikrobryggeria som stilte på ølfestivalen hadde med seg ein stor variasjon av øl og øltypar. Heile 61 forskjellige smaksprøvar kunne ein få med seg.

– Dette er første gong vi her med på ein ølfestival. Det er kjekt å møte kundane, fortalde representanten frå Lysefjorden mikrobryggeri som i sommar tredoblar produksjonen sin.

Ein av dei meir røynde var Ægir bryggeri.

– Eg har tatt med dei typane eg sjølv liker best. Eg håper dei fell i smak, helsa Ægir-bryggaren.

Dei ti mikrobryggeria som deltok på festivalen var Lysefjorden, Kinn, Baran, Balder, 7 Fjell, Hansa med Nøgne Ø og Waldemars, Ægir og Voss bryggerier.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.