Fusa vgs har fått undervisings-konsesjon
– Vi sendte søknaden i 2022. Dette er svært godt nytt, uttaler rektor.
Fusa vidaregåande skule har fått tilsegn om akvakulturløyve til undervisningsformål i 10 år.
Søknaden blei sendt i 2022. I dag fortel rektor Inger-Elin Epland at løyvet frå Fiskeridirektoratet kom i førre veke.
– Me har venta lenge før me endeleg fekk positiv tilbakemelding på søknaden. No gler me oss veldig til å gje elevane på VG1 Naturbruk, VG2 akvakultur og TAF/YSK Marin eit forbetra undervisningsopplegg allereie frå august i år, seier Epland.
Skulen har hatt akvakulturutdanning sidan 1988.
– Akvakulturutdanninga ved Fusa vidaregåande skule er særs viktig for å sikre tilgang til kompetanse i regionen, og det er særs gledeleg at dette tilbodet no vert utvikla til å bli endå betre.
Undervisningsløyvet har ein maksimal tillaten biomasse (MTB) på 780 tonn.
Det var Fusa vgs, saman med AS Bolaks og Eide Fjordbruk AS, som utarbeidde og sende søknaden om undervisningskonsesjon.
– Fusa vgs har inngått samarbeidsavtale med selskapa Bolaks og Eide om drift av konsesjonen og gjennomføring av undervisningsopplegget.
– Det blir spennande for alle involverte å vere med på å utvikle eit enda meir praksisnært, innovativt og relevant utdanningsløp for elevane.