Fylket på synfaring
Berit W. Eldøy (H) blei imponert under omvisinga på Oseana-tomta i dag. Ho har også tru på Oseana-appell utanfor både fylke- og landegrense. (Oppdatert)


I dag held kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune møte i Os. Utvalet blir viktig i Os sin jakt på 38 millionar kroner i statleg støtte, og i formiddag var dei på synfaring på Oseana-tomta.
- Vi har vore heilt klare i prioriteringane og er forbausa over at departementet ikkje har retta seg etter regionale føringar, seier nestleiar i utvalet, Berit W. Eldøy (H).
- Korleis vil de jobba vidare med å sørgja for støtte til prosjektet?
- No får vi ikkje eigne midlar å dela ut før i 2013, så vi vil først og fremst prøva å få ein god dialog med departementet. Vi forventar at dei ordnar opp.
Imponert over utviklinga
Etter dagens synfaring sit Eldøy igjen med eit positivt inntrykk av både Oseana-prosjektet, Os Sjøfront sine planar og det som allereie ligg i Os hamn.
- Det har vore ei fantastisk utvikling på begge sider av elveosen, frå Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden til dette moderne anlegget som kjem på Mobergsneset.
- Os har på ein fin måte utnytta nærleiken til sjø, legg ho til.
- Os er på kartet
Medan tippemidlane på landsbasis har eit budsjett på 70 millionar kroner, rundt 7 millionar samla for Hordaland, er løyvingsforslaget for post 73 frå statsbudsjettet 157,9 millionar kroner i 2010 og 698 millionar kroner i åra etter.
- Oseana har kvalitetar som gjer det til eit kulturbygg med nasjonal appell, og det skal vi bli endå flinkare til å visa, så vi er med i kampen om midlar frå post 73, sa Søviknes til Midtsiden.no i november.
- Har du tru på at folk utanfor Os kommune, og kanskje utanfor Hordaland sin fylkesgrense kan få interesse for Oseana? Kan Oseana bli veslesystera til Grieghallen?
- Ja, heilt klart! Bygget, plassen og innhaldet vil nok gje både nasjonal og internasjonal appell. Når Nato-leiinga reiser til Solstrand, og de har Ole Bulls villa i kommunen, seier det seg sjølv at Os allereie er på kartet, meiner Eldøy.
Avvik på 6 millionar kroner
I førre formannskapsmøte peika Espen Aspenes på eit avvik i forhold til budsjettet i byggeprosessen på 6 millionar kroner.
- Vi har sett av 12,5 millionar kroner til uføresette utgifter, så vi har ikkje overskride enno. Samstundes er dette eit viktig tema for byggekomiteen, sa Søviknes, ifølgje Os & Fusaposten 25. november.
Grunnstein og trekning laurdag
Rett over 6.950.000 kroner har kome inn som støtte til Oseana som følgje av OKK-kampanjen. Frå juni 2008 og fram til no har til saman 200 privatpersonar og bedrifter gjeve pengestøtte til prosjektet ved å kjøpa andel eller stolsete.
Liten eller stor sum, alle 200 har kvart sitt lodd i trekninga av Mæland-skulpturen "Dansar".
- I sommar bestemte vi oss for å ta trekninga av vinnaren samstundes med nedlegging av grunnstein, og i møte i byggekomiteen blei det endeleg stadfesta at dette kjem til å skje laurdag 5. desember, sa Terje Søviknes til Midtsiden.no tidlegare i månaden.
Seremonien startar klokka 12 og er open for alle. Det blir samstundes ope for synfaring på byggeplass og molo.