Lokal | 07. sep. 2011

Fysak til Os

LESARINNLEGG, Laila Reiertsen (Frp): La oss få eit Fysakhus i det gode liv på Os.

Fysak til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. sep. 2011 19:11

Os FrP ønskjer eit Fysakhus i kommunen

Fysakhus som ein har i Bergen er blitt eit godt tiltak for all ungdom. Jamvel mange av Osungdommen finn vegen der i vekene og helgene. Men Os utviklar seg og blir større så kvifor ikkje tenkja eit slikt hus på Os? Os FrP ser positivt på eit slik tiltak.

Kva er då eit Fysakhus? Eit Fysakhus er eit hus for ungdommen.

Det er eit aktivitetstilbod med fokus på sunnheit og sosialt samvær. Dette skal igjen bidra positivt til barns og ungdoms fysiske og sosiale utvikling. På Fysak kan ungdom droppa innom enten som aktiv brukar, for å møta vener eller få nye venar.

Brukarmedverkning er sentral i Fysak. Miljøet skal vera trygt. Det har nulltoleranse for blant anna rus, mobbing , rasisme og vald.

I Bergen har huset mange tilbod. Bordtennis, akrobatikk, kampsport, skating, etter skuletid treff, klatring og jamvel utlån av ulike idrettsutstyr.

Og noko kan ein kopiera til og å gjelda Os . Så kvifor ikkje! La oss alle gå saman for å skapa eit slikt hus på Os.

Vi skal no i gang med bygging av ny ungdomsskule i denne samanhengen har ein mogelegheita til og å fokusera på eit Fysakhus i Os. Ungdommen vår fortener det!

Og Os FrP vil vera med å gjera det ein kan for at eit slikt hus blir bygd!

Godt val!

Laila Marie Reiertsen
40. kandidat Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.