Kultur | 26. aug. 2012

Galskap på Katten

Høg stemning på standup: Arrangøren og vaktane hadde nevane fulle med å halda stemninga nede. "ALDRI vært borti lignandes".

Galskap på Katten
Frå ein tidlegare klubbkveld på Os. (Ill. foto: Varde Film og Media) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 26. aug. 2012 10:03

Dex Carrington og resten av lineupen skapte rekordsal av billettar og rekordgod stemning på Irish Cat laurdag kveld.

– Det siste showet var utselt, det første, for dei frå 18 år, var også nesten fullt. 170 billettar til saman, fortel arrangør Jon Hægland.

– Men stemning blei FOR god innimellom, folk kom med ukontrollerte utbrot som "satan så morsomt", svarte høglytt på retoriske spørsmål og skreik punchlinen inn i øyra på naboen, i tilfelle han ikkje fekk den med seg.

– Vi måtte hjelpa komikarane med å få ro i salen så dei kunne koma vidare i programmet, hadde vi ikkje hjelpt til så trur eg det ville sklidd heilt ut.

På twitter etter showet:

Dex Carrington: So many hot women in Os!!! Wtf!?

Erlend Osnes: Sykt energirikt massivt ivrig hyperfæstlig publikum, ALDRI vært borti lignandes, men fan så Skøy!!!

Jon Hægland: Herregud for et rodeoshow det var på Cat i dag! Er jeg den eneste stand up klubb sjefen i Norge som sliter med FOR god stemning? Galskap!

– Godt med folk på ekstranummeret for dei frå 18 år, betyr det at det blir dobbelt opp med to show, også for dei yngre, på seinare klubbkveldar òg?

– Vi fekk mange fine tilbakemeldingar frå dei som var på klubbkveld for første gong, og vi kjem til å ha ekstrashow for dei frå 18 år fleire gongar. Men ikkje i neste runde, for då har vi komikarar som kjem seint med fly, som rett og slett ikkje rekk fram til å kjøra show klokka 19 i tillegg til klokka 21.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.