Lokal | 02. aug. 2012

Ganske bra start

Os Pensjonistforening har fått ein god start med å få inn nok sponsorpenger til å starta utvidinga av Os Seniorsenter.

Ganske bra start
Omlag der gravemaskina står kjem tilbygget til Os eldresenter (Foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtorsdag 02. aug. 2012 12:36

I juni skreiv Os pensjonistforening brev til privatpersonar og bedriftar i Os i håp om å få hjelp til å skaffe midlar til å utvida seniorsenteret.

- Det er gått ganske bra med god respons.

-Men samstundes var vi nok litt uheldige med startstidspunktet, seier innsamlingsleiar Asvald Bjoarvik.

Les også:Pensjonistar på pengejakt

Ingen bedriftar er med enno

Bjoarvik trur at ferietid gav innsamlinga ein litt treig start, og at det er difor ingen bedriftar har meldt si interesse enno.

- Vi ventar på at bedriftene skal melde seg, og håper dei gjer det no når ferien er over.

Fleire private støttar

I motsetning til bedriftane i Os, er det kome inn fleire private sponsorkroner.

- Største summen er faktisk kome inn frå ukjente, og det er jo veldig kjekt at ikkje berre medlemmar bryr seg om senteret, seier Bjoarvik.

- Det er kanskje nokon som tenkjer langsiktig og som ser for seg at dei ein dag skal bruka senteret?

- Ja kanskje det, smilar innsamlingsleiaren.

Dei reknar at utvidinga vil koste rundt 10 millionar kroner, og 8 millionar av dei vil vera sponsorpenger.

- Det virkar som det er mange som har god tanke om oss, så eg trur dette skal gå bra.

Salongen i boks

I frå senteret sin start i 1985 og fram til i dag har medlemstalet auka frå 50 til 250 personar.

Det er no blitt bestemt at salongen i senteret skal utvidast.

- Vi serverer mat i salongen tre gonger i veka, men det er ikkje plass til alle, så det er veldig kjekt at salongen no skal utvida.

Møte på tirsdag

Tilbygget Os pensjonistforening no samler inn penger til vil vera på eit plan og stå i stil med den kommande naboen Hamnehagen.

Bygget er på eitt plan og husar ny sal på 185 kvadratmeter, scene på 30 kvadrat, eit lager og eit større garderobeanlegg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.