Fotball | 29. mars 2022

Går frå Åsane til Lysekloster

Kjem på lån ut sesongen, foreløpig.

Går frå Åsane til Lysekloster
Ole Kallevåg til høgre, for Åsane mot Lysekloster i NM i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. mars 2022 18:33

Lysekloster fortel i dag at dei har signert ein ny spelar.

Ole Kallevåg kjem på lån frå Åsane ut sesongen.

– Vi takkar Kåre og folka i Åsane for eit foreløpig godt samarbeid, skriv Lysekloster i samband med presentasjonen.

Kallevåg fyller 21 år i juni. Han har vakse opp i Bremnes, skåra 5 mål på 18 seniorkampar i 5. divisjon då han i 2018 var 17 år og gjekk så til Stord.

I 2019 skåra han heile 10 mål på 24 kampar, blant anna hattrick då Stord slo Brann 2 5-2 og 0-1-målet då Stord slo Os på Kuventræ.

Kallevåg blei matchvinnar for Stord mot Os i 2019. Laurdag kan han møta Os igjen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kallevåg blei matchvinnar for Stord mot Os i 2019. Laurdag kan han møta Os igjen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Lysekloster tar imot Os til NM-kvalik laurdag.

Nysigneringa spelte for Åsane mot Lysekloster i 1. NM-runde i fjor. Då vann Åsane 1-2.

Ole i steget då Åsane slo Lysekloster 1-2 i NM i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ole i steget då Åsane slo Lysekloster 1-2 i NM i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Han fekk 13 A-kampar og 7 B-kampar for Åsane i fjor.

Den siste Åsane-kampen hans var det tunge cupoppgjeret mot Sarpsborg 08 13. mars.

Lysekloster varslar at det kan koma nok ei signering før overgangsvindauget stenger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.