Fotball | 20. mars 2022

Lysekloster vidare til 2. runde i NM-kvalik

Sjå resultat frå fleire kampar i bergensområdet.

Lysekloster vidare til 2. runde i NM-kvalik
Midtstoppar Toni Takamäki (midten) skåra i dag sitt første for Lysekloster. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. mars 2022 19:14

Mens NM 2021 har kome til siste kvartfinale er kvalifiseringa til NM 2022 i gang.

Lysekloster, som for seks dagar sidan leia 2-0 over A-laget til Brann i ein treningskamp, vann 0-3 borte over Tertnes.

Tertnes landa på 4. plass av 6 lag i avdeling i BA-ligaen (4. div.) i fjor.

– Hadde god kontroll

Håkon Brautaset sendte Lysekloster i leiinga i 5. minutt. 0-1 sto seg til pause.

Fire minutt ut i andre omgang auka Mikael Baisotti til 0-2.

Måla kom på innlegg frå kvar sin kant.

– Det blei litt trangt å koma gjennom, men vi skaper greit med sjansar og var aldri truga, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetkevik.

I 82. minutt sette den finske midtstopparen Toni Takamäki inn 0-3 på corner.

– Toni hadde ein solid kamp i forsvar i dag, det var kjekt at han også fekk seg ei skåring, synest Ruben.

Tertnes - Lysekloster 0-3 (0-1)

Lysekloster: Mads Semb Christophersen - Keith Groeneveld, Toni Takamäki, Håvar Kleppe - Erik Krohnstad, Håvard Rinde, Eskil Instebø, Lionel Kamanzi, Tobias Heltne Alme - Håkon Botn Brautaset og Mikael Andersen Baisotti

Innbytarar med speletid: Kasper Bordvik, Andreas Uran og Aboubacar Conde.

Her er fleire resultat frå 1. kvalikrunde:
Kopervik – Stord 1-2
Austevoll – Bremnes 1-4
Lyngbø – Frøya 0-2
Osterøy – Gneist 4-5
Bergen Nord – Arna-Bjørnar 2-3
Loddefjord – Sandviken 0-1
NHHI – Askøy 1-2
Nordhordaland – Voss 1-3

Sjå alle på fotball.no.

Derby i neste runde?

No blir det spennande å sjå kven som møter kvarandre i neste runde, som skal spelast om to veker.

Med sigeren i boks er Ruben klar på kva han håper for neste runde.

– Det hadde vore veldig kjekt å møta Os!

Os og Lysekloster, som i vinter spelte treningskamp mot kvarandre for første gong, kan få denne eine offisielle kampen mot kvarandre i år.

I serien er dei i kvar si avdeling.

Ruben Hetlevik og Endre Brenne fekk éin kamp mot kvarandre i år. Neste år vil begge sakna derbyet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògRuben og Endre om 2022-avdelingane

Sju lag er allereie kvalifisert

84 lag i Noreg er direkte kvalifiserte til første ordinære runde, 176 andre kjempar om 44 plassar over to kvalifiseringsrundar.

I region Hordaland er dei sju beste laga i Hordaland direkte kvalifisert, dei andre må ut i NM-kvalifisering.

Bjarg, som landa på 5. plass i Os og Lysekloster si avdeling i 2021, er direkte kvalifisert. Os landa på 6. plass og Lysekloster på 9. plass i fjor.

I NM 2021 tapte Os 2-6 for Øygarden mens Lysekloster tapte berre 1-2 for Åsane i ei kamp som var nær å bli sendt til ekstraomgangar.

Dei førehandskvalifiserte i Hordaland fotballkrets:
Brann
Åsane
Sotra
Øygarden
Fyllingsdalen
Fana
Bjarg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.