Går med 40 mill i pluss
Os kommune er ferdig med rekneskapen for 2016.
Driftsrekneskapen for Os kommune, som førebels ikkje er revidert, viser eit overskot på 40,1 millionar kroner for 2016.
– Vi er naturleg nok svært stolte over å kunne presentera eit slikt resultat, og nyttar høvet til å takka kvar og ein tilsett i Os kommune for den gode innsatsen for innbyggjarane våre! seier ordførar Marie Lunde Bruarøy i ei pressemelding i dag.
• Les òg: Tente 9,3 mill på aksjar
Resultatgraden er på 4,6 prosent.
– Det gode resultatet skuldast i første rekke høge skatteinntekter, men avkastning på finansporteføljen og lågare utgifter til pensjon bidrar òg til resultatet, fortel ordføraren.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.