Går til Løv-Ham
Bjørn Dahl takka nei til tilbod frå Hønefoss, og blir student ved sida av spel i Adeccoligaen.


Bjørn Dahl frå Lepsøy fekk med seg opprykk til eliteserien med laget han var lånt ut til av Brann, men takka nei til vidare spel for Hønefoss.
- Vi hadde allereie bestemt oss for å bli i Bergen, seier Bjørn Dahl til Midtsiden.no.
Hønefoss kjøper Paul Addo av Løv-Ham, som Bjørn Dahl no signerer med. Dahl blir halvprofesjonell spelar i ny klubb.
- Kva skal du gjera på ved sida av fotball?
- Det blir idrett då og. Skuleopplegget er ikkje heilt bestemt, men det blir nok noko innan idrett på Høgskulen i Bergen.
- Har du også funne deg jobb?
- Løv-Ham har eit samarbeid med Olympiatoppen om å stilla med spelarar som instruktørar på fotballgymnaset i Åsane og på idrettlinjene ved andre skular, så det blir nok jobb via klubben, seier Bjørn.
I Løv-Ham blir Bjørn lagkamerat med ein annan osing, Mats Cato Moldskred.
- Eg veit kven han er, men eg trur ikkje eg har spelt med han før. Men eg spelte med storebroren hans, Brede, då eg var i Os.
Kontrakten kjem til å gjelda frå 1. januar 2010 og tre år fram. Dahl er kanskje på trening med Løv-Ham allereie neste veke.
- Vi får sjå. Eg må også ein tur til Hønefoss og ordna nokre ting.