Daniel Skotheim (t.h.) presenterte Bjørnafjorden Matkultur i ekspressfart. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Gastronomisk speed dating

– Skal du selja Os og Bjørnafjorden må du vera på hugget.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Måndag, nøyaktig klokka 9.49 rulla ein buss inn framfor Oseana.

Om bord, saman med ein representant for Hordaland Fylkeskommune, sat 13 representantar for byar med status som UNESCO City of Gastronomy, eit ekslusivt nettverk kor Bergen er eit av 19 medlem.

Reisefølget kom rett frå helgas Bergen Matfestival, og besto av representantar frå byane Tuscon, Burgos, Dènia, Alba og Florianopolis.

På trappa vart dei helst velkomne av næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim, bonde og medlem i Bjørnefjorden Matkultur, Tina Bøe Buer. Også tidlegare matattaché hos Fylkesmannen i Hordaland, Gunnar Nagell Dahl, var på plass. No skulle matkultur frå Os og Bjørnafjorden seljast! Og det i ekspressfart!

Bruarøy, no òg som småbrukar

I eit imponerande tempo, med Skotheim som veltalande guide, vart det først fotografering av utsikta frå terrassen til Oseana, vidare til eitt minutt og litt til-presentasjon av Oseana Kunst & Kultursenter (solcellepanelet til Oseana vart funnen ekstra interessant) ved ein like verdsvant direktør ved Oseana, Ole Tobias Lindeberg.   

Heile følget vart så geleidd ned i møtelokalet Ervikane. Etter ein kort presentasjonsrunde kring bordet styrte ein engelskstødig Skotheim forsamlinga gjennom bilde, filmar og matkulturen i «The Fjord of the Bears», som han sjølv direkte omsette det. Det vart Oselvaren, Lysekloster, Oselvo, Tysnes, Samnanger, Fusa, sauar, skotsk høglandsfe, Det store Bjørnefjordmåltidet, alt i eit imponerande tempo. Det heile tolka til spansk undervegs.

Ein noko forseinka, framleis Os-ordførar Marie Bruarøy, glei saumlaust inn i forsamlinga, og presenterte seg sjølv som ordførar og saue- og hønsebonde. Ikkje store garden og dyreflokken var ho rask å innrømma, men gjestane var tydeleg imponert over kva ho hadde tid til som ordførar.

Den store finalen

Då Midtsiden måtte hasta vidare til nytt oppdrag, var det sjølvsagt klart for det viktigaste med besøket; å få smaka på eit måltid frå Bjørnafjorden!

Silja Døsen Moberg frå Osøyro Kolonial hadde førebudd «Bjørnefjorden Småtygg», det meste laga av lokale råvarer. Allereie under presentasjonen hennar var det stor entusiasme blant gjestane.

– Please taste first! kom det då snøgt frå Døsen Moberg, til stor latter frå den over snittet matinteresserte forsamlinga.

Blant dei nydeleg tilredde smaksprøvane frå Bjørnafjorden kunne ein blant anna finna sopp og sau frå Tina Bøe Buer.

– Gjestane sette tydeleg pris på opplevingane dei tek med seg frå Os og Bjørnafjorden. Bergen er interessant, men ute i disktrikta kjem folk nærmare på både matkulturen og identiteten. Dette besøket var eit tydeleg bevis på at Bjørnafjorden Matkultur byrjar å gjera seg kjent, noko vi kan vera stolte av, seier Daniel Skotheim.

Etter eit solid etegilde hasta den gastronomiske bussen vidare til Samnanger og småbrukar Bente Getz, kor dei skulle få høyra hennar historie frå garden «der ingen trudde nokon kunne bu».

Fleire saker