Sport | 19. mai 2010

Gatecup i nabobygda

Vil du ha god oppvarming til årets MidtsidenCup? Då kan du ta turen til Copa del Kaland.

Gatecup i nabobygda
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. mai 2010 12:45

Kalandseid idrettslag følgjer i Os Turn Fotball sine fotspor, med gatecup for vaksne. Med ambisjonar om godt samarbeid klubbane imellom, håper både OTF og Kaland på god deltaking.

- Vi tenkte dette kunne vera fint både for idrettslaget vårt og for tidlegare og komande deltakarar på MidtsidenCup.

Copa del Kaland, som gatecupen heiter, startar med gruppespel fredag 28. mai. Måndag 24. mai går påmeldingsfristen ut.

- Med vår gatecup om våren og Os Turn sin gatcup om hausten held vi gamle fotballbein i form året gjennom, seier Bjarte Wiberg.

Les meir om cupen her

Frå Os til Kalandseid
Wiberg gjekk i 2009 frå stillinga som dagleg leiar i Os Turn Fotball til jobb som sportsleg koordinator i Kalandseid idrettslag.

- Eg trivst godt. Kalandseidet er eit idrettslag som ikkje har så store sportslege ambisjonar som Os, men med store ambisjonar som fleiridrettslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.