Gatekunstnar AFK (med ryggen til) i samtale med Arve og kollega Emil på Vartun. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gatekunstnarar omfamnar Vartun-prosjekt

Teg ArtWorks, Listhaug-malar AFK (bildet) og Rodrigo Cortez er blant dei fem som skal dekorera Vartun, kursa bebuarane og stilla ut i Vognhallen.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Ideen dukka opp då vi diskuterte korleis vi kunne dekorera nokre av veggane våre. Vi snakka om å kjøpa nokre måleri då ein av dei som bur hos oss kom med forslag om gatekunst, fortel avdelingsleiar på bufellesskapen Vartun oppfølgingsteneste.

Kollegaen hans, Johanne Rotvik, gjekk i spissen for å jobba vidare med saka. Det tok tid å etablera kontakt med gatekunsmiljøet, men då ein av brukarane av Vartun hadde telefonnummeret til gatekunstnar Tegson gjekk det fort.

– Tegson likte det han fekk høyra om Vartun, korleis vi jobbar og kva vi hadde ønske om. Plutseleg hadde vi fem gatekunstnarar som ville delta, og dei kom sjølv med initiativet å inkludera brukarane våre.

Oppløftande av AFK og Cortez

For første gong på Vestkysten kjem den internasjonale graffitimaleren Dickey198 frå Russland, i godt selskap med gatekunstnarane Tegson, og samtidskunstnarane lille.Oslo og eyf_bef.

Blant kunstnarane er òg AFK, mannen bak Listhaug-maleriet «Making a martyr».

– Eg har valt eit av motiva mine som eg trur kan vera oppløftande. Det heiter «cultivate», fortel AFK til Midtsiden.

Motivet har han tidlegare teikna i ein park i Portugal, og på Skur 14 i Bergen.

– Det er hyggeleg å bidra til prosjekt som dette, og eg skulle gjerne vore med å halda kurs òg, men eg skal på reise i neste veke.

Fredag var også ein annan gatekunstnar i gang, RC (Rodrigo Cortez), som i mai i år blei omtalt i BT for sitt store, meiningsfulle prosjekt «En samlende vegg» på Møhlenpris.

– Sidan veggen min er i ein trappeoppgang, vil eg spela på nettopp dette. Eit motiv kom til meg litt intuitivt, eg håper det kan skapa positiv symbolikk for dei som går opp eller ned desse trappene.

Inne, ute og i Vognhallen

Vartun skal få dekorert fire veggar innandørs og to ute. Derfor er det rigga stillas mot Byvegen, og veggen har fått sin to første strøk med maling etter av bygget var nytt.

– Det skal visst malast neste år, så veggen som skal prydast av gatekunst måtte vi nesten ta no, seier tilsett ved Vartun, Tor Arne Hitland.

Mens AFK og Cortez tjuvstarta fredag, blir det eit tettpakka program neste veke.

– Måndag blir det kurs i gatekunst, tysdag skal vi på Pushwagner-utstillinga i Bergen og onsdag skal vi og brukarane våre få læra om samtidskunst, fortel Arve.

Han ser fram til ei inspirerende veke, og håper på god oppslutnad blant brukarane på kurs og foredrag. Måndag 19. november er det utstilling, både av gatekunstnarane sine verk og av det som kan bli skapt av nye kunstnarar i veka som kjem.

Minikonsert med Marthe Valle

Vartun har valt frå øvste hylle også til musikalsk innslag under vernissasjen i Vognhallen.

– Vi er veldig glade for at Marthe Valle ville koma. Som sjukepleiar er ho brennande opptatt av psykisk helse, og tekstane hennar er varme og fine om indre ro og uro, seier Frostad.

Vartun føler dei får mykje god utsmykking til ein fin pris. Utstillinga i Vognhallen blir ei salsutstilling.

– Mange av deltakarane våre ønskjer å støtta ein organisasjon som jobbar med barn og unge med samansette utfordringar. Overskotet av salet går derfor til CRUX, Styve Gard oppfølgingstjeneste.

Fleire saker