Lokal | 23. sep. 2016

Gav blaffen i at førarkortet rauk

Først blei han tatt for drikking kort tid etter å ha køyrd i fjellveggen, tre dagar seinare, utan lappen, køyrde han for fort i eit anna fylke.

Gav blaffen i at førarkortet rauk
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. sep. 2016 10:32

Ein laurdagkveld i mai blei ein mann i 30-åra frå Os tatt av politiet i Bergen etter ei trafikkulykke.

Sikta hadde køyrd utfor vegen og rett i ein fjellvegg, for så å innta alkohol under 6 timer etter ulykka, sjølv om han burde forstå at det kunne bli politietterforsking etter uhellet.

Om tysdagen, tre dagar seinare, blei han stoppa etter å ha køyrd i 97 km/t i ei 80-sone i eit nabofylke. Mannen hadde då ikkje førarkort.

Prøvde å halda på førarkortet

Sikta møtte i retten og tilsto. Han håpte på å framleis få køyra bil, han trengte førarkort fordi han «bor på landet».

Dette var ikkje god nok forklaring eller årsak for Nordhordland tingrett, som dømte mannen til 18 dagar fengsel på vilkår, 40.000 kroner i bot og tap av førarretten i 15 månadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.