Kultur | 19. sep. 2010

Gav Fanden

- Turneen vår starta for 30 år sidan. No er vi halvvegs i løypa, sa Reidar Brendeland før konserten på Nore Neset laurdag.

Gav Fanden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. sep. 2010 08:31

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Nore Neset Aktivitetshus hadde eit førehandssal på rundt 200 billettar, i tillegg blei det selt 100 i døra til konserten med Vestladsfanden laurdag kveld.

- Det er OK sal og folk ser ut til å ha det kjekt, sa dagleg leiar Karin Bøyum ei stund etter at Vestlandsfanden hadde gått på scenen.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Vegard Skorpen Band varma opp, og det gjekk ikkje mange låtane før det var aktivitet på dansegolvet. Men det var på borda i bakgrunnen dei fleste sat, ein del vaksne og nokre bord med livlege ungdomar.

Vestlandsfanden gjekk på scenen klokka 23.25, ein liten halvtime seinare enn planlagt. Då samla det seg godt med folk framme ved scenen.

- Har de spelt i Os tidlegare?

- Ja, men det er lenge sidan. Vi har spelt i samfunnshuset i sentrum (Fjellheim, red anm) og under ei bru (truleg Garvik Sjøhus på Sundøy, red anm).

- Kva skal til for å halda seg på vegen i 30 år?

- Det er enkelt, det er berre til å skifta ut folk etterkvart som dei blir trøytte, sa Reidar Brendeland til Midtsiden.no før dei gjekk på scenen.

- Eg har sikkert hatt 50-60 artistar innom bandet, nokre av dei i fleire omgangar. Vestlandsfanden har vore som eit rockeoppdrett, fleire artistar, og faktisk heile band (som Vamp), har vore del av Vestlandsfanden før dei gjekk vidare.

Vel, det såg ut til å vera ein utkvilt gjeng Brendeland hadde med seg til Nore Neset. Med gamle og nye låtar fekk dei publikum med seg i to sett utover natta.

Vestlandsfanden består i dag av Reidar Brendeland (tidligare medlem i 3 Busserulls), Ivar Woxmyhr (fele, trekkspill, mandolin, fløyte), Andreas Berg (gitar), Tor Lindberg (bass) og Øystein Boge (trommer). I august i år kom dei ut med samleplata For livets glade plommer, i oktober kjem ein singel med dei to nye julesongane som også er på samleplata.

VIDEO: Oppvarming av Vegard Skorpen Band og klipp frå konserten med Vestlandsfanden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.