Lokal | 18. nov. 2010

Gav opp Nav

Foreldra til hjartesjuke Elliot har gjeve opp å få informasjon frå Nav. Stortingsrepresentant Laila Reiertsen jobbar allereie for å gjera Nav betre.

Gav opp Nav
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. nov. 2010 09:00

NAV manglar kompetanse, er utilgjengeleg og opererer i strid med lova, sa TV2 tidlegare i veka, og viste til ein fersk rapport utarbeida av Funksjonshemmede fellesorganisasjon (FFO).

HER KAN DU SJÅ INNSLAGET

I innslaget intervjua dei osingen Janne Walden som fortalte om sitt møte med NAV. Janne og mannen har ein son som blei fødd med ein alvorleg hjartefeil.

- Elliot har vore gjennom fleire operasjonar i Oslo, i tillegg har han brukt mykje medisin, noko av det kosta 10.000 kroner flaska. Sjølv om vi har rett på å få noko av dette dekka har all kommunikasjon med Nav vore nesten umogleg, seier ho.

- Når du ringer, gjerne med enkle og veldig konkrete spørsmål, kan dei aldri svara. Dei seier alltid at dei skal ringa opp igjen, men dei ringer aldri opp igjen.

- I tillegg har dei rota vekk papir så vi måtte gjennom same prosess kvar gong vi skulle ha ny dose medisin, og dei har ikkje stilt på planlagte møter saman med oss og apotekar. Det er nesten uverkeleg kor lite interessert dei har vore i å hjelpa.

- Andre har det verre
Walden gav opp Nav. No bruker ho kreftene sine med å jobba for Foreningen for hjertesyke barn (FFHB), der ho har blitt formann.

- Vi er ikkje åleine om å ha opplevd liknande velkomst av Nav, mange fortel om korleis dei må spørja og grava utan å få svar, det einaste dei får klare svar på er kva dei IKKJE har rett på.

- Når du er midt i ein livssituasjon der du treng hjelp, uansett årsak, er det utruleg tungt når du ikkje blir lytta til i det heile tatt. Kva med dei som er vanskeleg stilt frå før, og så treng ekstra hjelp på grunn av for eksempel endra helsesituasjon. Det er mange som har det verre enn det vi har hatt det.

Spurte statsråden
Stortingsrepresentant Laila Reiertsen (Frp), som er medlem av arbeid- og sosialkomiteen, hadde spørsmål om emnet i stortingets spørretime onsdag for ei veke sidan.

«193.000 saker står i kø for behandling hos Nav. Så langt i år har Nav fått inn over 30.000 klager på ulike vedtak. Dette er 10.000 fleire enn for to år sidan (...) Kor tid skal dette snu?» spurte ho.

Då arbeidsministeren var sjuk var det fornyings-, administrasjons- og kirkeministeren Rigmor Aasrud som fekk spørsmålet.

Ho svarte at arbeids- og velferdsetaten har jobba for å behandla fleire saker og redusera saksbehandlingstida, og det har dei klart, og at det ved behandling av fleire saker også blir fleire klager.

Vil ha ombod og primærkontakt
Reiertsen er ikkje nøgd med svaret og etterlyser handling. I tillegg lurer ho på kvifor regjeringa ikkje støttar Framstegspartiet sitt forslag om eige Nav-ombod.

- Dei har med i Soria Moria 2 at dei vil vurdera dette, men ingenting skjer. Eg får heller ikkje svar på kor tid dei vil sjå på dette, seier Laila til Midtsiden.no.

Å oppretta primærkontakt er noko ho trur også kan gjera Nav meir effektiv og meir ansvarsfulle i arbeidet sitt.

- Då eg jobba som sjukepleiar hadde vi våre pasientar vi var primærkontakt for. Sånn kunne det vore i Nav-systemet òg, det ville vore meir personleg og meir menneskeleg enn sånn det er i dag.

Såg problemet i sommar
I sommar blei representantane i arbeids- og sosialkomiteen invitert til å hospitera hos Nav. Laila var blant dei sju som takka ja til invitasjonen, og fekk seg nokre dagar på innsida av Nav-kontora i Os, Årstad og Bergen.

- Såg du noko desse dagane som du meiner burde vore gjort på ein annan måte?

- Det var ikkje så mange enkeltsaker og saksbehandlingar eg fekk med meg, men nokre av rutinane stilte eg meg spørjande til. Eit eksempel er når eit skjema ikkje er fylt ut rett, detaljar som underskrift kan ha mangla, likevel valte dei den mest tidkrevjande måten å etterlysa denne, ved å skriva og senda brev.

- «Det er folk som ventar på svar på denne, er det ikkje berre til å ringa dei eller senda ein sms og be dei koma ned her å signera. Så får de saka ut av verda?» spurte eg.

- Men det kan henda at dei har nokre statuttar som seier at dei skal unngå å vera personlege.

Ber om handling
Reiertsen vil halda fram med å jobba for at Nav skal få ombod og primærkontakt.

- Det er ikkje sikkert at dette er einaste eller beste løysing, men det er mange som støttar oss og trur dette er gode idear, og når det står så dårleg til som no bør regjeringa vera glad for slike innspel og visa at dei kan handla.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.