Lokal | 27. juni 2019

Gav til hjartesakene

Sparebanken Vest delte tysdag ut «Almennyttige midler» - sjå kven som fekk støtte til sine prosjekt og sine hjartesaker.

Gav til hjartesakene
Tilsette i Sparebanken Vest Os saman med nøgde mottakarar av «allmennyttige midler». (Foto: SPV Os)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 27. juni 2019 19:37

Denne veka har Sparebanken Vest (SPV) delt ut over éin million kroner til lag og organisasjonar i Os og Fusa.

625.000 av desse kronene gjekk til Os.

Under ei markering i Oselvarnaustet tysdag kveld fekk lag, organisasjonar, og nokre eldsjeler frå Os utdelt sin midlar.

Deler av overskotet - og det kjem meir

Banksjef i SPV Os, Benedikte O. Toftesund, fortel om ein fin kveld saman med mottakarane;

– Før sjølve utdelinga fekk vi historia om Oselvarnaustet, fortald av Geir Jonassen.

– No har vi på éi veke delt ut over éin million kroner i Bjørnafjorden, og fokus har vore å nå ut til ulike idrettar, kultur og humaniære tiltak. Utan desse eldsjelene og det engasjementet dei symboliserer hadde det ikkje vore mogleg å nå ut til så mange flotte barn, ungdom og vaksne. Det er nettopp dette vi i SPV ønskjer å takka, seier Toftesund.

Toftesund fortel vidare at beløpa til utdeling har med åra blitt større, og ja, det berre å halda fram å søkja om midlar om du er du er ei eldsjel eller i eit lag eller i ein organisasjon.

Desse fekk «allmennyttige midler» av Sparebanken Vest på tysdag:

• Bjørnafjorden Golfklubb Idrett og fysisk aktivitet 50 000
• Os Sogelag Kultur 20 000
• Os Juniorbridgeklubb Kompetanse/utdanning 20 000
• Lyshornet skolebrass Kultur 20 000
• Os sentrumsforening Næringsutvikling 50 000
• Os skulekorps Kultur 20 000
• Os Sokneråd Kultur 10 000
• Os roklubb Idrett og fysisk aktivitet 40 000
• Os padleklubb Idrett og fysisk aktivitet 40 000
• Bjørnafjorden Næringsråd, nytt prosjekt "Hangaround" Næringsutvikling 25 000
• Os Biljard & Snookerklubb Idrett og fysisk aktivitet 20 000
• Oselvarverkstaden Kultur 45 000
• Durmålslosjen Kultur 20 000
• Søfteland Hundepark Kultur 15 000
• Nore Neset Idrettslag Idrett og fysisk aktivitet 20 000
• Oseana Kunst og Kultursenter Kultur 20 000
• Os Turlag - Turboklubben Lysekloster Idrett og fysisk aktivitet 20 000
• Jentefotballdagen Idrett og fysisk aktivitet 20 000
• Moldegaard Ryttersportsklubb Idrett og fysisk aktivitet 10 000
• Os Ungdomslag Idrett og fysisk aktivitet 20 000
• Redd Barna Cup Humanitære formål 15 000
• Innebandy Os ungdom Idrett og fysisk aktivitet 5 000
• Os Idrettspark KF Idrett og fysisk aktivitet 5 000
• Os fotball G14 Idrett og fysisk aktivitet 10 000
• Os Jakt og Fiskelag Idrett og fysisk aktivitet 20 000
• Ildsjel i Os Wenche Lyssand Kids Action for Kids 10 000

I tillegg delte Sparebanken Vest ut kr 25.000 til Bjørnafjordkonferansen og til kr 30.000 til Os Symposium.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.